Velferdsteknologi var tema for foredraget til Viviann Maridal og Helen Østrem under Moakonferansen torsdag. Dei to klarte på ein engasjerande måte å formidle at det er tid for å tenke nytt. Av og til kan teknologisk utstyr gi best omsorg. Det vart illustrert med denne historia;

Ein eldre dement mann på ein institusjon oppførte seg valdeleg, og hadde tilsyn 24 timar i døgnet. Ulike pleiarar passa på han heile dagen, og om natta var vaktene innom for å sjekke om han sov. Mannen vart stadig meir irritert og valdeleg, heilt til det døgnkontinuerlege vaktlaget vart bytta ut med digitalt tilsyn i form av apparatet RoomMate. Det vil seie eit kamera med sensorar som registerer rørsler og varslar om til dømes fall. Den demente begynte å sove heile natta, han vart rolegare og meir fornøgd, og det vart alle rundt han også.

Varme hender

Mange er redde for at velferdsteknologi skal føre til at varme hender blir bytta ut med kalde instrument, og at overvaking skal gå utover personvernet. Sunn skepsis er bra. Det er menneske, og ikkje teknologi som må stå i sentrum. Ein må til dømes ha reglar som sikrar at personvernet ikkje blir svekka. Men redsel for teknologi må ikkje føre til at vi held fast på gamle ordningar, når det finst betre løysingar.

Ein lærar som underviser i velferdsteknologi fortalde at det vart ramaskrik då ein for mange år sidan begynte å ta i bruk krykker etter beinbrot. Argumentet var at alle måtte forstå at ein person som ikkje kunne gå sjølv, måtte ha hjelp av to personar som støtta vedkomande. Slik hadde det alltid vore, så kvifor innføre noko nytt?

Sjukepleiarane Helen Østrem og Viviann Maridal er pionerar når det gjeld bruk av velferdsteknologi. Eidet omsorgssenter i Haram, med Maridal som avdelingsleiar og i samarbeid med NTNU Ålesund, var dei aller første i Norge til å ta i bruk sosiale robotar i eldreomsorga. Roboten Pepper er blitt brukt til å få i gang trim og underhaldning for dei eldre. Helen Østrem har vore prosjektleiar for innføring av velferdsteknologi i Skodje, og går inn i ny stilling som rådgivar for velferdsteknologi i Ålesund frå 2020.

"Vi må unngå hjelpefella", understreka dei to foredragshaldarane. Det har dei heilt rett i. Vi kan bli så ivrige etter å yte omsorg, at vi gløymer at folk helst vil klare seg sjølv. Det er viktig med hjelp til sjølvhjelp.

Velferdsteknologi handlar om å gi folk mulegheit til å meistre sitt eige liv, oppleve tryggleik og personleg fridom i størst muleg grad. Når omsorgstenester skal utformast, må ein ta utgangspunkt i behova til den enkelte. Det betyr evne til å sjå nye mulegheiter. Dei varme hendene må brukast der dei trengs mest.

Tryggleik

Ulike hjelpemiddel kan gjere det muleg for eldre demente å bu lenger heime, når både dei sjølve og pårørande ønskjer det. Til dømes ved å ta i bruk GPS-apparat som viser kvar personen oppheld seg ute, og som varslar pårørande når den demente går utanfor ei definert grense. Alle som har springe ute om natta og fortvilt leita etter far eller mor som har rota seg bort, forstår behovet for hjelpemiddel som både gir fridom og tryggleik.

ALV er namnet på Arena for Læring om Velferdsteknologi, som blir drifta gjennom eit partnarskap mellom NTNU i Ålesund og 19 kommunar. Cecilie Campell er dagleg leiar, medan Brit Krøvel har ansvar for USHT, som står for Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Møre og Romsdal. Smart helse og velferd vil vere ein av pillarane i samarbeidet mellom NTNU og den nye kommunen om utvikling av universitetsbyen Ålesund.

Det er stort behov for nye produkt og løysingar innan velferdsteknologi. Ålesund har tatt ein tydeleg posisjon. Gründarar og bedrifter i nordvest bør vurdere om dette kan gi grunnlag for nye forretningsområde.