Over 300 menneske gjekk i fakkeltog gjennom Ålesunds gater onsdag kveld for å vise støtte og solidaritet med menneske som blir forfølgde for si tru. Det er viktig at mange på denne måten er med på å sette trusfridom på dagsorden.

Ein britisk rapport som kom ut tidlegare i år, konkluderte med at kristne er verdas mest forfølgde religiøse gruppe. I rapporten, som er laga på oppdrag for det britiske utanriksdepartementet, blir det hevda at rundt 80 prosent av alle truande i verda som blir forfølgde, vedkjenner seg til kristendommen. I enkelte område i Midtausten og Nord-Afrika, er omfanget av overgrep mot kristne på eit nivå der det nærmar seg definisjonen på folkemord, står det i rapporten. Det kan handle om drap, tortur, kidnapping og tvangskonvertering. Ofte uteblir etterforsking og straffeforfølging, og det er med på å fremje nye overgrep.

Undersøkingar viser at meir enn 70 prosent av verdas folk lever i land med avgrensa tru- og livsynsfridom. Det er alvorleg, og utviklinga går feil veg. For fem år sidan var Nord-Korea det einaste landet i kategorien «ekstremt høgt» nivå av forfølging, medan det i 2019 er registrert 11 land under denne kategorien, viser tal frå World Watch List (WWL) .

Religionsfridom og ytringsfridom er heilt grunnleggande menneskerettar som det er verdt å kjempe for. Den kampen er like viktig, uansett om forfølginga er retta mot kristne, muslimar, ateistar, buddistar eller andre grupper.

Årets fakkelaksjon, som er blitt gjennomført i Ålesund og 10 andre norske byar, har lagt vekt på situasjonen for kvinner. Kvinner blir ofte spesielt hardt råka av religiøst motivert diskriminering og overgrep, og er ekstra sårbare for seksualisert vald. Ved å gi stemme til dei stemmelause, bidreg fakkelberarane til å rette søkelyset mot overgrep som ingen kan akseptere. Sjølv om dette foregår langt borte frå oss, så vedkjem det alle likevel.

Det er viktig at norske styresmakter har ei klar og tydeleg stemme i møte med land som ikkje respekterer religionsfridom i praksis. Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide har vore kritisk til manglande etterforsking av overgrep mot kristne og andre minoritetar i Pakistan, og tatt opp forholda direkte med landets styresmakter. Det er behov for at mange fleire engasjerer seg i desse spørsmåla.