Så mykje som 98 prosent av den registrerte sjukeheimsvalden er det bebuarar som står bak. Det er viktig å få fram at bebuarane som utøver vald, ikkje gjer det av vondskap. Dei er sjuke. Fire av fem eldre på sjukeheim har demens, og hjernesjukdommen gjer at mange mistar normale sperrer. Mange er plaga av angst og fortviling, dei forstår kanskje ikkje kvifor dei må bu på institusjon, dei kan ha vrangforestillingar, og kan bli aggressive og valdelege. Mange er fysisk sterke, og kan skade andre utan å ville det.

I Aftenpostens reportasje blir det peika på at i småbarnsavdelingar i barnehagar skal ein vaksen person ha maksimalt ansvar for tre barn. Det fins ikkje tilsvarande bemanningsnormer på sjukeheimar. På kveldsvakter kan ein sjukepleiar, med hjelp frå ufaglærte, ha ansvar for alt frå fem til 63 bebuarar fordelt på fleire etasjar. Mange tilsette på sjukeheimar har gitt uttrykk for frustrasjon over at det ikkje er nok folk på jobb til å handtere krevjande situasjonar. Dei bør absolutt lyttast til.

Dagens situasjon er alt anna enn verdig, verken for dei sjuke eldre som utøver valden, bebuarar som blir utsette for overgrep eller dei tilsette som er utrygge på jobb. Det bør utløyse alarm at ingen har hatt oversikt over omfanget av sjukeheimsvald tidlegare. Aftenposten har gjennom fleire månader kartlagt 128.000 avviksmeldingar frå sjukeheimar over heile landet, og avdekka at rundt 10 prosent handlar om vald og trugsmål. Reportasjane viser også samfunnets behov for god, undersøkande journalistikk.

Dokumentasjonen må føre til at søkelyset vert sett på både bemanning, kompetanse og tryggleik i eldreomsorga. Det er venta at talet på eldre med demens vil auka i åra framover, så det er viktig å ta tak i problema umiddelbart. Offentlege styresmakter har ansvar for å ivareta menneskerettane til dei mest sårbare, og i dag er det mange som ikkje får det vernet dei har krav på.