Eg høyrer om innsparingstiltak og ei mogleg nedlegging av alderspsykiatrisk døgnpost. Det uroar meg. Det uroar meg om pasientane våre, menneskje vi no høyrer om på radio og les om i avisa berre skal bli tal og nummer i enno ein statistikk.

Eg skal fortelje litt om kvifor dette forslaget kling så dårleg i øyrene mine.

Hjarteslaga våre er musikk. Musikk er sjølve pulsen. Pulsen er heavy metal den, når han rasar avgårde slik den kan gjer på ei avdeling som vår. Hjarteslaga vår er ei ballade, når vi med stødig og trygg hand veit akkurat kva som skal til, akkurat no, for å gje pasientane våre den beste behandlinga.

Sårbar. Ikkje svak. Tvert om. Eg siterer ein kollega av meg, ei særs dyktig sjukepleiar: Dei fleste av pasientane har vore sterke eit heilt liv.

For det er det den sårbare, men sterke, eldre pasienten møter, når alderspsykiatrisk behandling i sengepost er naudsynt. Ei tverrfagleg samansett gruppe med brei fagleg kompetanse, som kan tilby eit spesialisert behandlingstilbod.

Eg har møtt så mange pasientar, menneskje med ei historie, noko å fortelje, med rynker i ansiktet, træler i hendene og visdom i blikket. Eg har høyrt så mange fortelje om levd liv, av og til har eg høyrt det frå dei næraste fordi pasienten har vore for sjuk til å fortelje det sjølv.

Vernepleie er å synleggjere og motverke samfunnsskapte barrierar. Vernepleie er å ha pasienten sitt behov som utgangspunkt. Eg unner ingen å sitte med den oppgåva det er å gjere slike kutt. Det er likevel mi plikt som vernepleiar, å no synge ut for dei som ikkje kan!

Då såg eg ein cd på nattbordet ditt. Og eg visste at spor nummer åtte på den plata hadde eg sunget mange gonger før.

I wish I had a river so long,

I would teach my feet to fly.

Oh, I wish I had a river I could skate away on.

Eg seier ikkje at faget vårt er så enkelt som å syngje ein song. Det er alt anna enn det i tillegg. Det er ikkje gjort i ei handvending. Det er målretta miljøarbeid, det er relasjonelt arbeid, det er omsorg, det er varme, augneblink som krev fagleg baserte skjønnsvurderingar. Det er musikken eg snakkar om. Spesialisert behandlingstilbod som ikkje kan tilbys på nokon andre avdelingar.

Det er disharmonien i øyrene mine no.

Det uroar meg at det ikkje er noko likeverdig behandlingstilbod om sengeposten forsvinn.

Det som uroar meg aller mest er likevel, kven som skal sjå at det er spor 8 på plata til Joni Mitchell du treng, akkurat no.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!