Dei aller fleste set pris på fest og moro, ikkje minst når det er gratis. Søndag 5. januar var det arrangert folkefest for nye Ålesund kommune på Sparebanken Møre Arena. Arrangør var kommunen, frivillige og næringslivet. Underhaldninga var stort sett av lokale krefter. Alle dei 65.000 innbyggjarane i den nye kommunen var invitert.

Dagen etter vart det arrangert bli-kjent-fest for ungdomskuleelevane i kommunen på same stad. Det var oppsett gratis busstransport frå heile kommunen. Her møtte ca. 2500 og på folkefesten eit tilsvarande tal. Begge dagane var det gratis adgang. I fylgje lokalavisene var det mange av skuleelevane som var positive til festen og den nye kommunen, andre var nøkterne og avventande.

Sjølv om det vart lagt ned ein stor dugnadsinnsats av frivillige både før, etter og under festane både på scena og i salen er det vanskeleg å sjå føre seg at ikkje nye Ålesund kommune sit att med ei rekning etter arrangementa desse to dagane, stor eller lita: Eksempelvis leige av hallen, gratis busstransport, innleigde artistar, annonsering og mat etc. Det er mange av oss ca. 60.000 innbyggjarane som av ulike årsaker ikkje var på festane som lurer på kva den nye kommunen måtte punge ut med. På mange måtar er dette beløpet av ikkje mindre interesse enn sjølve festane. Håper at ordføraren eller rådmannen kan gi oss svaret på dette.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!