Den varsla, kraftige auken i ferjeprisane og reduserte avgangar får stor negativ innverknad på kvardagen til alle som er avhengig av ferje. Pendlarar, skuleelevar, ungdom og andre som ynskjer å delta på fritidsaktivitetar, men også næringslivet får kjenne på dei store ulempene og kostnadene dette fører med seg. Representantar for innbyggjarar og næringsdrivande i Eidsdal, Norddal og Geiranger har sett ord på dette på ein grundig og informativ måte, ein måte som syner dei alvorlege implikasjonane ferjetakstar og ferjeavgangar har i eit samfunn som er avhengig av ferja. Eg siktar her til brevet som er sendt til samferdselsutvalet og fylkesutvalet i Møre og Romsdal, og som er blitt sett på trykk i lokale og sosiale media.

Alt prat om å styrke og utvide bu- og arbeidsmarknadsregionane, alt prat om at vi må satse meir på kollektivtransport, alle forsøk på å oppretthalde busetnad og næringsliv i distriktskommunar vert berre tomme ord oppimot den politikken som reelt sett vert ført.

Det er tydeleg usemje om kven som skal bere ansvaret for denne skadelege utviklinga: Er det staten eller fylkeskommunen som sviktar distrikts-Norge? Det viser seg i alle fall at staten har auka løyvingane til eigne ferjer (riksvegferjer) vesentleg meir enn det fylkeskommunane er tilgodesett med. Denne forfordelinga har inga logisk forklaring. Som første steg for å kome kyst og fjordfylket i møte, burde denne situasjonen rettast på.

Då bompengeopprøret breidde om seg før kommunevalet i haust, vart det frå regjeringshald tatt grep som å redusere utgiftene til dei som vart mest råka av høge bompengar. No svarar den same regjeringa at å hindre kraftig auke i ferjetakstar, er det fylkeskommunen åleine som må ta ansvar for.

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove- Lise Torve uttalar til Aftenposten 19. januar at det er eit stort misforhold mellom det staten legg inn i budsjettet til drift av eigne ferjer (riksvegferjene) og det staten meiner fylka har behov for til ferjedrift. Slik eg tolkar det, må dette vere uttrykk for ein vilja politikk! Regjeringa har rett og slett ikkje vilje til å støtte folket som bur langs kysten og langs fjordane!

Dei som har hatt sterk tru på at privatisering og konkurranseutsetjing er den rette vegen å gå m.o.t. ferjedrifta, bør også gjere seg nokre refleksjonar når det viser seg at Fjord1 har auka overskotet sitt frå 76 til 715 millionar kroner i løpet av fire år – også dette ifølgje artikkelen i Aftenposten. Det synest å vere eit stort misforhold mellom kva det kostar reiarlaga å drifte ferjene, og det fylkeskommunen må betale reiarlaga for å få tenesta utført.

Og det er ikkje berre ferjetilbodet som no skaper vanskar for oss. Busstilbodet skal også kuttast dramatisk: Ein million kilometer skal busstransporten i fylket reduserast for at budsjettmåla skal nåast. Kommunane har nettopp fått kuttlistene til høyring. Lista over ruter som skal takast bort, er lang som eit vondt år. Særleg går det hardt ut over ruter i helg og skuleferiar, og også no er det distrikta som vert hardast ramma, fordi det her er færrast passasjerar.

Sjølvsagt er vi klar over at «heile verda» er utsett for sentraliseringstrendar. Men like fullt veit vi at det er avgjerande viktig for landet vårt at vi greier å oppretthalde næringsliv og busetjing i distrikta. Det er her mykje av næringsproduksjonen må skje. Det er hit mange vil reise på ferie og rekreasjon. Tomme bygder er lite spennande reisemål! Og kven ynskjer å busetje seg, satse på næringsdrift eller familieliv når det blir så dyrt og tungvint som det ser ut til å bli?

Bygdesamfunna våre har mykje godt å by på – både til innbyggarane og til dei tilreisande! Men då må dei sentrale politiske kreftene i dette landet verkeleg ville at vi skal lykkast i dette. Då kan dei ikkje halde fram med å underfinansiere det dette kostar. Då kan dei heller ikkje snu ryggen til oss når vi klart og truverdig peikar på dei utfordringane vi står overfor. Nei, då må dei i langt større grad lytte til oss og vise oss at dei meiner alvor når dei seier at det skal bu folk i heile landet! Eit opprør er på sin plass!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!