Australia brenner. Denne sommaren (I Australia har dei sommar når vi har vinter) har det brent meir i Australia enn på lenge. Det som er brent svarar no til snart ein tredel av Noreg. Brannane er døyelege både for menneske og dyr.

Australia har fått eit stort skogbrannproblem, og det kjem ikkje til å gå over med det første. Somrane blir lengre og varmare der også, og utsiktene framover blir berre dårlegare.

California har vinter no, eller i alle fall er det årstid vinter. Om nokre månader er det varmare og tørrare og sommar. Dei siste åra har dei hatt store problem med tørke og store brannar. Sjølv filmstjernene sine hus kan brenne ned når det først tar laus.

Det er ikkje så mange år sidan nokre kystsamfunn i Noreg fekk merke korleis det blir når det har vore ein langvarig uttørkande vind som har gjort terrenget brennbart. Då er det ikkje mykje brannvesenet kan gjere, anna enn å evakuere folk. Når ein spurde folk den gongen om dei hadde sett slik uttørking før, så var det ingen av dei gamle som sa noko. Det må ha vore meir enn hundre år sidan sist. Etter kvart kjem kjensla av at dette kan skje oftare no.

Den australske regjeringa tinga ein klimarapport som låg føre i 2008. Teknisk Ukeblad har sett på den, og summerer opp frå rapporten The Climate Change Review: «Sesongen med branner vil begynne tidligere, slutte senere, og brannene vil være mer intense. Disse effektene vil øke over tid, men være synlig i 2020». Det ser ut til at forskarane med Ross Garnaut i spissen kan seie seg nøgd med arbeidet sitt. Men for sistnemnde er ikkje det nok. Ifølgje NTB klagar han seg for at han ikkje var meir høgrøysta den gongen, så mynde både i Australia og over heile verda kunne ha gjort noko alt den gongen for å hindre denne utviklinga.

I 2008 hadde dei rapporten, i 2020 har vi sett at første delen av verknadene alt er på plass. Vi kan sjølvsagt framleis late at auga og ikkje gjere noko. Eller vi kan brette opp ermene og ta fatt på oppgåva med å få dette inn på eit anna spor. Vi har alt tapt tolv år, så jobben blir mykje meir intens no. Skal barna våre arve ein grøn klode eller eit inferno? Vi har fått det forferdeleg travelt. Kva har du samvit til?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!