Lesarinnlegg:

«Rosa kompetanse»

Born: Borna er dei som vert lidande i dei fleste situasjonar, og vi må vere vaksne og verne om dei, seier artikkelforfattar Hans Reite. 

Meninger

Mange veit ikkje kva Rosa kompetanse står for. Det er foreininga FRI som tilbyr kurs til alle tilsette i helse-, sosial-, skule- og justissektorane, og til alle delane av samfunnet. Det er finansiert av helsedirektoratet, Bufdir, utdanningsdirektoratet og politidirektoratet.

I første omgang så ser dette bra ut. Ein vil at både jenter og gutar skal lese same bøkene og ha felles interesser, men vedgår at det er over hundre forskjellar i hjernen til dei to kjønna. Vi ser at frå skapinga av er det skilnad på mann og kvinne. I kroppen vår er det imponerande fem oktillioner celler. Talet har 27 nullar etter femtalet!

I Bibelen ser vi at for Herren er verken mannen noko framfor kvinna, og heller ikkje kvinna noko framfor mannen.

Her i Vesten har no pendelen slått andre vegen. Ein kan merke seg at det er mange fleire menn som tek liva sine enn kvinner, og det må vere ein grunn for dette.

Når ein ser på kva FRI verkeleg står for, så bør ein ta avstand til dette. Dei meiner at alle former for seksuelle handlingar som er basert på respekt, likeverd og samtykke er positivt. Dei inkluderer polygami og polyamøse forhold.

Rammer og strukturar, forventningar og tryggleik er på veg ut – heilt frå barnehagen! Våre borna vert tvinga til eit nytt livsprosjekt: Er eg eigentleg ein gut eller er eg eigentleg noko anna? Det vert sett på som fordømande eller intolerant å meine at noko er betre enn noko anna.

Borna har behov for at det vert sett grenser frå oss vaksne. Psykiske problem blant born og unge vil kunne nå nye høgder. Kvar dag er det tre menneske i snitt som tek livet sitt i Noreg, og ein del av dei er ungdom.

Resultatet av kjønnsforståing basert på subjektive kjensler kan lett verte usikkerheit og føre til eksperimentering, kjønnsforvirring og identitetsproblem hos tusenvis av barn og unge. Dei siste års øking i psykiske problem blant born og unge vil med den radikale kjønnsideologien nå nye høgder.

Store grupper av folket meiner enno at ekteskapet er ei biologisk forankra skaparordning for mann og kvinne, og at mor-far-barn relasjonen er unik og står i ei særstilling. Denne relasjonen er samfunnet si grunncelle.

Vi må ikkje la Rosa kompetanse få gjennomsyre samfunnet slik at alt går til grunne. Det er på tide at vi vender tilbake til Guds ord slik Herren framleis kan velsigne og bevare landet vårt!

Eg er einig med FN sin Barnekonvensjon i at alle born har rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg for dei. Dette har vi i Noreg brote og barnevernet har vorte berykta i utlandet. Borna er dei som vert lidande i dei fleste situasjonar, og vi må vere vaksne og verne om dei.

La ikkje lystene og synda få råde, men la oss vende om til Gud av heile vårt hjarte. Då vil vi finne glede og fred og samfunnet kjem på rett kjøl.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!