Fakta synest ikkje å vere av betydning verken for Bygdebladet, NRK eller Sunnmørsposten i saka om Sjøholt Folkehøgskule. Og den eine etter den andre kastar seg på i heksejakta i toleransen sitt namn.

For det første – kva står eigentleg i det skriftlege verdigrunnlaget som har skapt denne røra? Står det noko der om skilsmisse og barn utanfor ekteskap? Nei. Kvar i all verda er kjeldekritikken – alle journalistar sin ABC?

For det andre – korleis har desse Fokehøgskulane fungert så langt? Kven spør etter erfaringane frå ungdommane som har gått der? Dei tusenvis av ungdommar frå heile landet, kristne, humanetikarar, homofile og lesbiske som brukar eit år på Indremisjonsforbundet sine folkehøgskular? Blir dei møtt av lærarar som bryr seg om dei? Opplever dei at dei får vere seg sjølv? Lærer dei å handtere livet sitt? Får dei utvida horisonten, både verdimessig, i forhold til kvarandre og til ukjende kulturar og framande land?

Eg vil hevde at dei norske folkehøgskulane, både dei frilynde og dei kristne, er ei gåve til norsk ungdom. Noreg er eitt av få land i verda som har eit slikt eksamensfritt år der tusenvis av ungdommar dyrkar sport, friluftsliv, kunst, musikk, data, mat, jakt og fiske, og alle mulig andre interesser.

Eg har tre barn som har gått på tre ulike folkehøgskular i Norge. Ein gåvepakke av kultur og livsmestring. Det er om lag 40 kristne og 40 frilynde folkehøgskular i landet. Alle er ulike, men felles for dei er at personalet brenn for å gi ungdommane verktøy og verdiar til å bli sjølvstendige, omsorgsfulle, tolerante og trygge i møte med vaksenlivet.

Sjøholt Folkehøgskole er ei nyvinning. Dei opnar dørene hausten 2020 – og skal ta imot elevar frå 16 år og oppover. Det er ingen andre folkehøgskular som tek imot så unge elevar. Det kjem til å kreve mykje av dei tilsette!

Eg vil gi IMF honnør for at dei vågar! Så er det fritt fram både for dei som vil søke jobb der og dei som vil vere elevar der. Og så lenge dei forheld seg til norsk lov, så meiner eg dei også fortener støtte til eit modig prosjekt til beste for ungdommane våre.

Apropos norsk lov. I Norge og i FN har vi lover og konvensjonar, som skal sikre demokrati og menneskerettar som trusfridom, ytringsfridom, og likestilling. Men det er ikkje slik at likestilling trumfar alle dei andre. Det kan ein få inntrykk av når ein les aviser og sosiale media.

Tvert om er det grunnleggande internasjonal konsensus om at retten til liv, trusfridom og ytringsfridom er dei grunnleggande menneskerettane. Først kampen mot dødsstraff og tortur – dernest trusfridom og ytringsfridom.

Likestilling er viktig, men lovgjevarane både i Norge, Europa og FN har vore kloke nok til å sikre at likestilling av og til må vike i møte med andre sentrale menneskerettar – som trusfridom og samvitsfridom.

Det gjer ikkje likestilling mindre viktig – men det er ikkje det einaste viktige. Vi treng ikkje heksejakt i toleransen sitt namn.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!