I år vert vi oppfordra til å kome med utfordringane våre til foreldregenerasjonen. Først og fremst vil vi ha slutt på den øydeleggande fogderistrida. Om vi ser med tvil på alle som ikkje er frå vår eiga vesle krå av fylket, eller vår eigen tettstad, kjem ingen til å flytte tilbake att til fylket vårt.

Men det er lettare sagt enn gjort. Og det er handling vi er ute etter. Det er så mange ting som kan betrast her. Problemet med det, er ofte å vite kvar ein skal starte. Handlingslamming blir ofte resultatet då. Vi foreslår konkrete, berekraftige tiltak som kommunane i fylket enkelt kan følge opp.

Klima er det første. Vi veit at det skjer enorme endringar i verda på grunn av menneskeleg aktivitet. Artsmangfaldet forvitrar og utsleppa aukar. Frå dialog mellom ungdomspanelet og dei lokale forskingsmiljøa ved NTNU, HiM, NIBIO og NORSØK, kom vi fram til ei rekke tiltak. For så vidt var forskingsmiljøa svært optimistiske til å samarbeide med fylkeskommunen og kommunane om å gje råd og hjelpe kommunar med å sette tiltak ut i praksis. Desse tiltaka omhandlar transport og offentlege innkjøp, gjenvinning, gjenbruk og ikkje minst innovasjon.

Eit viktig tiltak her er løning av lokale, sirkulærøkonomiske tiltak. Til dømes kan ein støtte bruk av ull i lokal produksjon av klede, lokalbedrifter som driv med reparering, lapping og anna. Vi må lære av generasjonane før oss og «mekke», og fikse eigendelane våre i større grad, og det må løne seg.

Liknande tiltak det offentlege kan fremme er til dømes innovative panteordningar (t.d. av utstyr, kvitevarer, og ulike former for emballasje), eller og sette opp offentlege utstyrsbibliotek; slik kan fleire tusen dele på dei same verktøya i staden for at kvar enkelt skal eige verktøy som sjeldan eller aldri vert brukte. Andre lure tiltak er å ta i bruk livssyklusanalyse som eit fast kriterium i innkjøp, slik kan vi minke offentlege kostnadar og utslepp, og satse på det lokale og på det som held seg og varer i lengda.

Men klima er berre ein av tre berebjelkar for berekraft. Og, utan det sosiale og det økonomiske er det lite vits i å arbeide for eit betre miljø.

Eit av dei andre tema er helse. Vi ser ein aukande tendens med psykiske helseplager hos barn og unge i Møre og Romsdal, men samstundes er det alt for mange elevar som møter ei stengd dør når dei skal til helsesøster. I ei tid der det er meir viktig enn nokon gong, er ikkje det bra nok. Frå 2016 til 2017 steig talet på sjølvmord blant barn og unge frå 81 til 126. Gjer vi då nok for å framme fysisk og psykisk helse?

I tillegg har vi utdanning og økonomisk tryggleik. Fylket vårt er eit yrkesfagleg fylke, med svært mange som treng å vere lærling for å få seg fagbrev. Likevel går kring 200 lærlingar utan læreplass kvart einaste år. Kvifor set vi ikkje krav til lærlingplassar i anbodsprosessane?

Mangfald er noko vi bør sjå på i fylket vårt. Det er så vidt at folketalet stig. Det blir stadig færre kvinner i høve til menn, og det blir stadig fleire eldre i høve til unge. Nesten alle utfordringar fylket og kommunane har her, har betydning for om folk har lyst å busette seg her. Den største gruppa av dei som flyttar ut er unge som skal studere. Dei flyttar oftast til dei største byane i landet; Oslo, Bergen og Trondheim. Men innan fylket flyttar òg folk frå distrikta til dei største byane her; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Det er mange spørsmål vi kan stille oss: Er vi flinke nok til å ta omsyn til eldre, unge og personar med funksjonsnedsetting i utviklinga av samfunnet vårt? Er vi flinke nok til å sjå folket som skal leve i kommunane våre? Er det lett å vere ny i din kommune? Og er vi gode nok på å inkludere folk som ikkje er lik dei fleste? Alle desse spørsmåla, og det ovanfor heng saman. Og skal folket ha vilje til å vere med å betre tilhøva i fylket må dei ha ein god grunn.

Når ein føler eigarskap til plassen ein bur, er det meir sannsynleg at ein vil bli verande eller komme tilbake ved første høve. Og for at ungdom som flyttar ut skal ha gode grunnar til å flytte tilbake, er det svært viktig at dei får eit eigarskap til heimstaden sin. Dei fleste av kommunane som vert nominert til årets ungdomskommune av Barne- og familiedepartementet var kommunar der ungdomsråda hadde møte og talerett i kommunestyra, og ikkje berre i saker dei ber om, men i alle saker. Det er eit ganske enkelt tiltak vi oppmodar kommunar til å setje i verk, for å inkludere den delen av folket som ikkje har stemmerett i kommunane sin viktigaste demokratiske arena. Slik at sjansen for at ungdommen kjem tilbake blir større.

Til sist heng alt eigentleg saman i innovasjon. Det er ikkje berre viktig å drive fram ny teknologi og nye energiløysingar, men heller viktigare er det at det offentlege, akademia og næringslivet samarbeider om å finne nye løysingar på alle plan; klima, helse, utdanning, arbeid osv. Det er særleg viktig at det offentlege, vi folkevalde, tek initiativ og set i gong meir samarbeid mellom aktuelle aktørar til relevante problemstillingar. Slik kan vi sjå heilskapen betre, finne nye løysingar og ta betre og meir effektive vedtak. Så, fordi berre eit samansveisa, nytenkande samfunn kan sikre berekraft, må vi satse på innovasjon; for mangfald, helse, utdanning og arbeid, og for fylket, folket, og alle andre.