Utdanningsdirektoratet overprøvde fylkesmannen i Møre og Romsdal si vurdering om partsrettar i klagesak etter «mobbeparagrafen» i Opplæringslova. Etter to avslag frå fylkesmannen gjekk saka til Utdanningsdirektoratet som gav læraren medhald.

Atle Måseide, pensjonert førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Tromsø sin kronikk i Sunnmørsposten 6. januar, belyser slike saker på ein interessant måte. Her kjem han med refleksjonar om den såkalla «mobbeparagrafen», Opplæringslova § 9A. Utdanningsforbundet er sjølvsagt samde i at om ein tilsett har krenka ein elev, så skal det få konsekvensar.

Men vi er redde for at det vert både «tiltale og dom» utan at vedkomande er gitt rett til å forsvare seg sjølv. Det er ikkje ein rettsstat verdig. Å verte skulda for å ha krenka ein elev, er ei stor belastning. Endå større vert belastninga når ein får vedtak frå fylkesmannen som slår fast at ein er «ein krenkar», utan at ein er gitt høve til å kunne imøtegå påstandane.

Dei færraste toler å stå i slike saker, ofte endar det med sjukmelding og avslutting av ein yrkeskarriere. Utdanningsforbundet meiner at den nye lova er eit godt verktøy for å sikre alle elevar trygge og gode læringsmiljø. Likevel ser vi at der er element i lova som har vist seg å ha utilsikta negative konsekvensar.

Dette påpeikar også Måseide på ein god måte i sin kronikk. Vi ser, og har også erfart, at lærarane sitt rettsvern og arbeidsmiljø vert utfordra. Måseide hevdar at «mobbeparagrafen» kan innebere ei bjørneteneste overfor elevane.

Når det er eleven som heilt og fullt har definisjonsmakta over når dei er krenka, er det svært vanskeleg å hjelpe eleven med å sjå seg sjølv frå andre sin synsstad og dermed kunne korrigere åtferd. Dette viser Måseide på ein truverdig måte. Vi kjenner oss igjen i det biletet han skildrar.

Læraren er gjennom ordlyden i Opplæringslova fråteken retten til å kunne forsvare seg sjølv, noko som i seg sjølv er brot på eit viktig prinsipp i ein rettsstat. Når ein elev skuldar ein vaksen i skulemiljøet for krenking, skal det straks meldast til skuleeigar. Skulen skal så treffe tiltak som skal sikre eleven eit trygt skulemiljø. Dersom elev/foreldre ikkje er nøgde med tiltaka, kan dei klage til fylkesmannen.

Fylkesmannen skal så avgjere om skulen har brote lova. Framleis utan at læraren er gitt høve til å forsvare seg. Den tilsette kan be om partsrett i saka. Det er det også fylkesmannen som avgjer. Vår oppleving er at det sjeldan vert imøtekome. Ofte stoppar saka her. Dette meiner vi er alvorleg. Når så Utdanningsdirektoratet overprøver Fylkesmannen sitt vedtak, forstår vi dette som ei irettesetting. Då blir det litt enkelt at Fylkesmannen kort og godt berre erklærer seg sjølv som habil i same sak. Når forvaltninga sviktar kven skal då gripe inn?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!