Vi har både gudlause og religiøse livssyn. Ikkje noko livssyn er livssynsnøytralt. I lang tid har det gudlause sekulære livssynet framstilt seg som livssynsnøytralt, men det er sjølvsagt ikkje sant. Det sekulære livssynet kan vere religion-nøytralt, men ikkje livssynsnøytralt. Vi ser at det sekulære livssynet – «FRI» – kjemper mot dei religiøse livssyna for å få gjere som dei sjølve vil og har lyst til – utan nokon Gud/religion.

Det kristne livssynet har prega dei kristne landa i Amerika, Europa og Australia. Det muslimske livssynet har prega midt-Austen, Nord-Afrika, Sentral-Asia, Pakistan og Indonesia. Det hinduistiske livssynet har prega India og det buddhistiske livssynet mykje av resten av Asia. Det sekulære kommunistiske livssynet har prega Sovjetunionen, Kina, Vietnam og Nord-Korea. Sovjetunionen har gått i oppløysing og øst-Europa har delvis funne tilbake til det kristne livssynet, mens sentral Asia har gått tilbake til det muslimske livssynet.

Vest-Europa har vore kristendomen sin bastion i snart 2000 år. No kjempar fleire livssyn om makta i Europa. Det sekulære sosialistiske marxistiske livssynet har framleis eit sterkt fotfeste i Europa og i særleg grad i dei sosialdemokratiske landa i Norden. Vi har sett fruktene av kommunismen i Sovjetunionen. Det skapte ikkje det paradiset på jorda som Marx drøymde om. Når menneska fornektar Gud fer vi «menneske-gudar» og menneske-bod – diktatorar som bestemmer kva som er rett og gale – som Lenin, Stalin, Mao, Pol Pot og Kim-ane i Nord-Korea.

I vår tid ser vi at livssyns nasjonalismen veks i heile verda. Dette er ei farleg utvikling. Dersom nokon startar ein fysisk krig for å fremme sitt livssyn kan det utløyse «den siste verdskrigen». Derfor er kampen for livssynsfridom så viktig i vår tid.

Livssynsfridomen og rikdomen er størst i dei landa som har vorte prega av det kristne livssynet. Det sekulære livssynet har gradvis vunne makta i dei sosialdemokratiske landa i Norge og Sverige.

For meg er dette vanskeleg å forstå når vi så tydeleg ser dei dårlege fruktene av det gudlause marxistiske livssynet og dei gode fruktene av det kristne livssynet.

Eg trur der er ein Gud som har skapt universet og styrer det gjennom sine fysiske livslover. Eg trur at Gud også har sine åndelege livslover for det åndelege livet – kva som ER rett og gale uansett kva vi meina eller trur. Vi kan ikkje gjere berre som vi sjølve vil og har lyst til. Då går det gale. Eg trur at religionane har erkjent at der er Gud-gitte livslover også i det åndelege livet. Problemet er å verte einige om desse lovene og korleis vi skal praktisere dei. Eg trur Mose-lova sine 10 bod og Jesus sitt liv og lære, kan lære oss mykje om dette.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!