Lesarinnlegg:

«Stad skipstunnel – i mål med ny regjering?»

Meninger

Som gode grannar til Stadhavet er vi spent på kva som skjer med ny regjering. Vi har hatt ein samferdselsminister som kjenner området, og har vore nøgd med moglegheitene dette har gitt.

No har vi fått Knut Arild Hareide frå KrF som samferdselsminister, og har framleis Vestlandet ved roret. Hareide er ein vel akta politikar, frå eit parti som i årevis har halde fana høgt for skipstunnelen. Og med Helge Orten som leiar i transportkomiteen vidare, ja då må det vel vere rom for optimisme?

Vi er van med motstand, alle som kjempar for samferdselsprosjekt, og med skipstunnelen har det vore ein kanossagang utan sidestykke! Diskusjonar om miljø og klima, reiseliv og turisme, varetransport, næringslivsvekst, hurtigbåttilbod, og sjølvsagt liv og helse.


Knut Arild Hareide dempar forventningane om rask løysing på ferjeuroa:

- Det kjem ikkje til å ta veker eller nokre få månader

Knut Arild Hareide trur ikkje på lågare ferjeprisar kjapt:


Heile vegen nye spørsmål og nye krav om rapportar, ut frå utfordringar som tenkjast kan. No vonar vi styresmaktene vel å ha fokus på det viktigaste: Ei tryggare ferd rundt Stad. Vi ynskjer oss meir gods frå veg til sjø. Vi ynskjer oss ein spektakulær reisedestinasjon i konkurranse med verda sine sju underverk, og vi ynskjer oss høve til å reise med hurtigbåt frå Bergen til Ålesund.

Om ein er mest oppteken av miljøet, så bør ein fokusere på kva vi sparer miljøet ved t.d. å flytte hundre trailerlass pr. dag frå Gudbrandsdalen til sjøvegen. Kor mykje tryggare er det ikkje for andre å ferdast langs veg, om vi heller frakta konteinarar i skip langs kysten?

Sjå gjerne gjennom Rolls-Royce sin rapport frå 2018, der dei dokumenterer korleis forbruk av drivstoff, fart og passeringstid blir med tunnel kontra utan? Litt interessant er det, synest vi, at ein skipstunnel i høve denne rapporten kan redusere utsleppa med opp mot 60 %.


Nyutnemnt samferdselsminister Hareide vil oppleve stort trykk frå Nordvestlandet:

Pressar på for svar om Hafast, Møreaksen og skipstunnelen

Fredag vart Knut Arild Hareide (KrF) ny samferdelsminister. Leiarane for dei store samferdselsprosjekta på Nordvestlandet har allereie kalla Hareide inn til møte.


Rapporten konkluderer med at ein skipstunnel vil gje raskare gjennomfart i indre lei mellom Ålesund og Måløy, under dei rådande bølgjeforholda på kysten av Sunnmøre, og på Stadhavet i vinterhalvåret. Skipa vil bruke kortare tid og mindre drivstoff, og sleppe ut mindre klimagassar, og det må vel vere god musikk for vår nye klima- og miljøminister, Sveinung Rotevatn?

Kva så med å sjå på verdiskapinga som skjer langs kysten i vårt område? Ifølgje SSB-tal for 2017 står Møre og Romsdal for 9,6 % av fastlandseksporten i Noreg. Målt etter innbyggartal eksporterer vi altså frå fylket for 150.440 kr pr. pers. I det gamle Sogn og Fjordane er dei hakk i hæl med 129.538 pr. pers. Samanliknar vi eksport pr. innbyggar så er talet 79.035,-, medan ein i Oslo har gjennomsnittleg 10.233,-. No er dei rett nok gode på børs, finans og forsikring i Oslo, men snakkar vi om levert arbeidskapital, så er det her på Vestlandet verdiar blir skapt.

Ser vi på tala for fisk åleine, så står M & R og S & Fj. for 26,7 % av fastlandseksporten. Altså 24.7 av 92,2 mrd. kjem frå områda nærast Stad. For næringsminister Iselin Nybø må det difor vere viktig å bidra til å prioritere å bygge ein sikrare og meir føreseieleg arbeidskvardag for dei mange som lever av sjømat og næringar tilknytt eit livskraftig og uroleg hav. Stad Skipstunnel har vore innom nok samferdselsministrar.

Med Knut Arild Hareide i sjefsstolen, og med godt samarbeid i ny regjering, så trur vi no på å kome oss ut av startblokka.



Per Sævik om Stad skipstunnel:

Per Sævik om Stad skipstunnel: – Grensen nådd for politikernes troverdighet

- Vi er kommet til grensen når det gjelder politikernes troverdighet. Alle parti har ja til Stad skipstunnel i sine program uten at noe har skjedd, konstaterer Per Sævik.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!