Kronikk:

«På tide å vakne? Om barn og kjønnskorrigerande behandling»

Kjønnsbekreftande behandling med irreversible alvorlege konsekvensar.

Illustrasjon:   Foto: Scanpix

Meninger

Det er på høg tid å rette merksemda mot den eksperimenteringa som skjer med barn og unge når det gjeld kjønnskorrigerande behandling med hormonar og kirurgi.

Nye retningslinjer for utgreiing og behandling skal snart vedtakast, og sterke grupper jobbar for ei organisering i form av lavterskeltilbud; dvs. tilbod på kommunalt nivå. Det vil bety at hormonbehandling kan igangsettast av helsesjukepleiarar, evnt. med tilleggsutdanning som sexolog, i eit samarbeid med fastlegar.

Det betyr at dette kan skje utan at det i forkant er gjort ein grundig tverrfagleg kartlegging, inkludert ei psykiatrisk vurdering. Ei slik organisering vil i sterk grad auke risikoen for feilbehandling med alvorlege konsekvensar for dei unge i form av forsterka psykiske og fysiske helseplager i etterkant.

Studium viser at det store fleirtalet av dei som startar med hormonbehandling i form av pubertetsblokkerar, går vidare til behandling med cross-sex hormonar og kjønnskirurgi.

Vi må våge å utfordre LHBT+- bevegelsen sin «politisering» av barnet; dvs. at barn og unge er gjort til målskive for den radikale kjønnsideologien under dekke av å definere det som ein kamp for barnet sine menneskerettar.

Eit klart eksempel er gjennom FN sin barnekonvensjon å gi barnet rett til å skifte kjønn, basert berre på barnet sin sjøloppleving/sjøldefinering.Vi må også våge å avkle det nye språket som på kort tid har blitt allment tatt i bruk


Stor økning i antall jenter som vil ha kjønnsbehandling

143 flere jenter ble henvist til Rikshospitalet for kjønnsbekreftende behandling i 2018 sammenlignet med 2012.


Språk er makt

Gjennom språket vert verkelegheita forsøkt omskapt; den som kontrollerer språket kontrollerer vårt syn på verkelegheita. Fordi vi må formulere oss språkleg for å forstå, anten det er naturen eller vårt eige sinn og kjensleliv.

LHBT+bevegelsen har kome med mange nye uttrykk og formuleringar som er konstruerte og ideologisk funderte. Dvs. at desse ikkje har støtte i fornuft eller forsking. Eks. som er særleg relevante for temaet her er: «fødd i feil kropp», «kjønn er et spekter» og «kjønnskreative barn».

Sjølv om uttrykka manglar evidens, så har dei på kort tid blitt tatt i bruk overalt – ivrig fremma av filmindustrien og mainstream media både internasjonalt og nasjonalt.


Radikal kjønnsideologi

Dei nyskapte orda/uttrykka er produkt av ein radikal kjønnsideologi som hevdar at kjønn ikkje avgjerast av biologi, men av indre oppfatningar, «følelser». Ifølge ideologien kan eit barn frå svært tidleg alder oppleve å vere «fødd i feil kropp».

I uttrykket «kjønn er et spekter» skjuler det seg påstanden om at kjønn er «flytande».

Interkjønn eller DSD (disorder of sex development) vert brukt som bevis på eit mangfald av kjønn. Men DSD er ikkje eigne kjønn eller kjønnsidentitetar, men sjeldne kromosom- og hormontilstandar.

Rapporten «Law and Intersex in Norway», bestilt av Barne- og familiedepartementet er klar; personar med interkjønnstilstander kjenner liten eller ingen tilknyting til LHBT+-bevegelsen. Menneske med interkjønnslidelser protesterer mot å bli politisert til inntekt for transbevegelsen sitt formål.

Det vert fremma mange påstandar om talet på kjønn. Espen Ester P. Benestad hevdar i ein video på NRK at der er 7 kjønn. Det sistnemnde kjønnet er der alt flyt; dvs. at kjønn kan fastsettast ut frå sminke, kjønnsorgan og følelser. Poenget er å løyse opp kjønnsgrensene, fjerne normer og grenser og gjere seksualitet og kjønn mest mogleg sjølvbestemt.

Andre påstandar er at det finst over 100 kjønn.

«Kjønnskreative barn» er eit uttrykk brukt for å «sminke» kjønnsdysfori (manglande samsvar mellom biologisk kjønn og opplevd kjønnsidentitet) som noko positivt og ønska.

Vi veit at barn har mange grunnar til å ønske seg å vere det motsette kjønn, og at dei aller fleste fell til ro i sitt eige kjønn etter puberteten, men for nokre er det meir vedvarande. Ofte er det då kopla til andre emosjonelle problem, ofte med relasjonelle implikasjonar.

Barn og kjønnsidentitet

I utviklingspsykologien er barnet sin identitetsutvikling forstått som ein samansett, kompleks og stadig pågåande prosess. For å forstå denne må vi ta omsyn til mange utviklingsfaktorar. Barnet sin oppleving av kjønnsidentitet er ein integrert del av denne prosessen, og er eit produkt av genetiske, biologiske, kognitive og sosiale faktorar som alle gjensidig og i komplekse interaksjonar påverkar kvarandre.

Transbevegelsen presenterer ein overflatisk og forenkla forståing og framstilling av barnet sin kjønnsidentitetsutvikling. Ein aktør i bevegelsen D. Ehrensaft (a pediatric gender therapist) var invitert til Norge i 2018. Ho hevdar at barnet har ein indre oppleving av sin kjønnsidentitet så tidleg som i 1 årsalderen og truleg endå tidlegare. For at barnet før denne alderen ikkje kan uttrykke det språkleg, så meiner ho vi må vere oppmerksame på barnet sine atferdsmessige «genderbudskap». I eitt utruleg klipp på sosiale medium ser vi Ehrensaft i eit foredrag nemne eksempel på foreldre som søker hjelp for sin 2 åring fordi barnet har starta å uttrykke «Me not boy! Me girl!».


Amnesty kritiserer Kina for å diskriminere transpersoner

Transpersoner i Kina diskrimineres, og det mangler kunnskap om deres situasjon, skriver Amnesty i en ny rapport.


Denne forståinga og framstillinga av kjønnsidentitet, blir avvist av den kanadiske barnepsykologen/sexologen K. Zucker; den fremste og blant dei mest erfarne innan behandling av barn og unge med kjønnsdysfori. Han avviser påstanden om å vere «fødd i feil kropp» og karakteriserer dette som ein farleg framstilling.

Ehrensaft sin påstand vitnar også om ein misoppfatting av barnet sin kognitive kapasitet og evne til omgrepsdanning i den preverbale alderen; noko som m.a.heng i hop med etableringa av objektkonstans. (Ref. J. Piaget sine utviklingsstadier).

Risikable undervisningsprogram

I dag har LHBT+-bevegelsen (finansiert med statlege midlar), fritt leide til å undervise våre barn og unge i sin kjønnspolitiske ideologi som kvilar på denne forenkla forståing av kjønnsidentitet. Barn ned i 3-årsalderen får høyre om å vere «fødd i feil kropp». Foreininga FRI og Skeiv Ungdom tilbyr kurs og reiser landet rundt til skular og barnehagar. Også som teater presentert i «den kulturelle skolesekken», blir det kjønnspolitiske budskapet formidla. Likeins i NRK`s Supernytt.

Det er viktig å vere klar over at innhaldet i undervisninga er ideologisk og ikkje evidensbasert. Særleg alvorleg er det at der er risiko for å skape usikkerheit og forvirring hos dei sårbare og utsette barna.

Det er difor nødvendig å opplyse foreldre, lærarar og barnehagelærarar om det risikable ved å formidle til barna ideen om å vere «fødd i feil kropp». Barn vert fortalt; «din identitet er realiteten og kroppen din kan vere et uheldig mistak».

Denne ideen kviler på ein forståingsmodell om at ditt sanne sjølv er splitta frå kroppen og kan eksistere i opposisjon til den. Dette inneber ein mind/body split, dvs. ein tilstand som under einkvar annan omstende, ville bli oppfatta som eit symptom på traumer.

I motsetnad til ideen om å vere «fødd i feil kropp», så treng barn å tryggast i sine eigne kroppar slik at dei kjenner seg forankra i denne; dvs. «fødd i eigen kropp». Ei slik forankring gir beste startgrunnlaget for barnet sin psykososiale utvikling.

Det er også verdt å merke seg at dei som tilbyr slik undervising ikkje er pedagogar eller klinikarar. Dei er godt betalte interessegrupper som med ein tilforlateleg påstand om å fremme toleranse, respekt, likeverd og mangfald, har ein politisk agenda med formål å bane veg for radikal kjønnsideologi.