Mange har påpeika mangelen på samsvar mellom liv og lære når det gjeld politiske mål for kollektivtransport.

Alle parti, miljøorganisasjonar og statsrådar (i kvar sin svære bil på veg mot same mål,) oppmodar folk om å reise kollektivt. Korleis vert dei reisande motiverte til å la privatbilen stå?

Politikarane aukar billettprisane, kuttar ned på rutetilbodet og stenger venterom med toalett, som t.d. på Sjøholt. For sikkerheits skuld har dei også late tavla med ruteopplysningar henge igjen i det attlåste venterommet. Ute er det ingen info å finne.

I samtale med Bygdebladet seier rådgjevar Geir Olsen i Fylkeskommunen at busskuret er oppgradert, så venterom trengst ikkje lenger. Av det vi registrerer består «Oppgraderinga» av eit sykkelstativ, og det er vel lite brukbart til å både varme seg på og gå på do.

Vidare seier rådgjevaren at «busstilbodet er meir straumlinjeforma og har betre regularitet.» Dersom dette er kriterium for å stenge venterom, reknar vi med at venteromma på Moa og i Ålesund straks blir stengde, for ingen busshaldeplass har vel større frekvens og regularitet enn det er der.

På møte i historielaget på Sjøholt såg vi bilete av busskuret som var her på 1960-talet. Der var det kiosk, benk og to toalett, eitt for kvart kjønn, altså langt betre tilbod enn no.

Dersom politikarane meiner det dei seier om kor viktig det er å redusere privatbilismen, hadde dei vel heller ikkje flytta tannlegekontoret frå Sjøholt til Vatneeidet der det ikkje går ein einaste buss frå Ørskog, nei, alle må bruke nettopp privatbilen, dersom dei har ein då!

Det skal mykje til før eg trur at politikarane verkeleg ønsker å ta miljøomsyn ved å kutte bruken av privatbil. Dei ser fullstendig ut til å mangle forståing for konsekvensane av sine vedtak.

Det ser vi i flyttinga av tannlegekontor, og det ser vi i prioriteringa av opera i Kristiansund medan busstilbodet vert stadig dårlegare.

Forresten; frå mars innfører landet Luxembourg gratis tog, trikk, bane og buss for ALLE … og dei har ikkje oljefond. I vårt fylke tvingar politikarane oss til å bruke privatbilen.