Avokado vert dyrka i tropiske og subtropiske strøk. Plantane krev mykje vatten. Eksporten til vesten gjer at behovet for areal til dyrkinga aukar, noko som mellom anna fører til avskoging i Mexico, og lokal vassmangel i Chile. Folk blir sjuke av sprøytemidla som blir brukte. Våre nye matvanar skaper problem for andre.

På 1800-talet var det 1 milliard menneske på jorda, no er vi om lag 7,5 milliardar. Prognosane seier at vi vil runde 11 milliardar i 2100. Fattigdomen aukar, og fleire stader er det allereie no mangel på vatn.

Med dette perspektivet skulle ein tru at Norge ville ha som mål å verte sjølvforsynte med mat? At andre skal sleppe å fø oss? Sjølvforsyningsgrada i Norge er på ca. 40 prosent, vi er dermed eit av dei landa i verda som er mest avhengige av internasjonal handel med matvarer. Norge importerer mellom anna 28 000 tonn med meieriprodukt i året!

Vi blir bedne om å minske kjøttbruken for å redusere CO₂-utsleppa, dette trass i at Norge sitt samla bidrag utgjer om lag ein promille av totalen.

Dei som styrer Oslo oppfordrar til at kommuna sine kantiner skal servere berre vegetarmat, minst ein dag i veka. Eg hadde trudd at det ville vere naturleg å erstatte eit kjøtmåltid med fisk, når vi bor langs kysten? Men nei. Det skal vere vegetarmat. Har vi gløymt kunnskapen om at fisken sine Omega3-feittsyrer er godt for hjernen og synet? At eit kosthald med fisk viser seg å gi høgare IQ?

I vegetarkosten blir kjøt erstatta av linser, bønner og kikerter. Dette vert ikkje dyrka her i landet, men blir importert i stadig større mengder frå mellom anna India, Myanmar, Kina og Nigeria. Auka import gir auka CO₂-utslepp, og kvar vart det av omgrepet «kortreist» mat?

Landet må styrast etter fleire parameter enn CO₂. Kaldt klima og kort vekstsesong gjorde at forfedrane våre lærte seg husdyrhald. Foret som vart sanka i naturen vart omgjort til kjøt- og meieriprodukt, dermed kunne folk klare seg gjennom vintrane.

Kva gjer vi når gardane vert nedlagde, kunnskapen om gardsdrift er gløymt, og folk på andre sida av kloden treng maten sin sjølve?

Vi treng kortreist mat. Eg trur faktisk at den maten som vi genetisk er oppbygde av gjennom generasjonar, er bra for oss.