Det er ikkje mange elvar som toler at det vert fiska i dei. Elvane har ikkje eit haustbart overskot, og mange av dei når ikkje gytebestandsmålet. (den mengda hofisk som må vere igjen i elvane for at det skal vere god nok rekruttering av yngel). Det er ikkje berre dei mindre elvane på Sunnmøre som slit. Også større elvar som Valldøla og Stordalselva har vedteke å halde stengt i 2020. Det same gjeld ei rekke andre elvar på Sunnmøre. Tala frå fisketeljing 2019 viser at det no berre er att 7–8 vassdrag som toler uttak av fisk, av sportsfiskarar. Dette er tragisk då sportsfiske har gitt viktig rekreasjon for mange, og det har gitt viktige inntekter til bygdene rundt om på Sunnmøre.

Kva er det som har ført til at laks og sjøaure forsvinn frå elvane våre?

Dette biletet er samansett. Det har dei siste åra dukka opp ein X-faktor, som ein ikkje har rekna med som ein trussel for laks og sjøaure.

I mange elver som har vore stengde for fiske, har ein gjennom sommaren, hausten sett at det har gått opp ein god del laks. Ein håper då at det i oktober/november vert liv på gytegrunnene, og at naturen går sin gang.

Nye generasjonar lakseyngel og aureyngel kan symje opp av gytegrusen om våren, og sikre komande generasjonar. Men, dei siste åra har ein blitt merksam på at den tidlegare observerte laksen gradvis forsvinn utover hausten og fram mot gyting.

X-faktoren det her er snakk om er oteren. Dette er ein raudlista art, som var truga av utrydding for nokre 10 år sidan. Utan naturlege fiendar har no denne arten auka både i tal på individ og utbreiing.

Lakseelvane på Sunnmøre har i mange år frykta at oteren no er så talrik, at den er ei viktig årsaka til at det ikkje er fisk igjen i elvane.

Å få lov til å ta ut individ i elver der bestanden av oter er talrik er umogeleg. Viltforvaltninga har ikkje tru på at oteren er ein trussel mot villaksen. Lakseelvane på Sunnmøre har likevel pressa på med dokumentasjon. I 19 fekk ein endeleg til eit prosjekt i samarbeid med Rådgivande Biologar og Norsk institutt for naturforsking. (NINA). Miljødirektoratet løyvde 225000,- til eit oterprosjekt som skulle dokumentere kor mykje laks oteren tok ut frå elvane våre før den fekk gyte. Tre elvar vart plukka ut. To elver som er sett på genbank grunna trua bestand. Storeelva i Norddal (Fjord kommune) Vartdalselva (Ørsta kommune) samt Aureelva (Sykkylven kommune), då dette enno er ei elv med ein talrik bestand av laks.

Resultatet etter prosjektet vert presentert av Marius Kambestad, Rådgivande biologer og oterekspert Jiska Van Dijk, frå Nina på Lakeselvane på Sunnmøre sin fagdag i Valldal laurdag 22. februar.

Ein veit no så mykje at resultatet etter dette prosjektet vil sjokkere, og Lakseelvane på Sunnmøre vil oppmode alle som brenn for laks og sjøaure om å møte opp.

Genbank/kultivering

Del 2 av fagdagen skal Vegard Sollien frå Veterinærinstituttet snakke om genbank og kultivering tufta på nyare forsking. Vegard Sollien er ein svært kunnskapsrik mann, som vil dele med oss korleis fagmiljøa arbeider for å legge til rette for at laksen på nytt skal auke i mengde i elvane på Sunnmøre, og kva reiskap ein har til rådvelde for å greie denne viktige oppgåva. Her har vi mykje å lære.

Det er Vegard Sollien som har det faglege ansvaret for dei tre elvane som er på genbank på Sunnmøre. Han har sørga for, saman med Lakseelvane på Sunnmøre, att stemninga er god i genbankelvane Vartdal, Eidsdal og Storeelva i Norddal.

Møt opp i Valldal. Dette kan ein ikkje gå glipp av, om ein bryr seg om laks og sjøaure.

Det er viktig at barna og barnebarna våre skal få oppleve det vi har fått opplevd langs elvane våre.

Tenk på den morgonstunda der du stod med skjelvande hender og tredde marken på kroken eller knytte på favorittfluga. Du tenkte då: Skal tru om «storingen» står ute i straumen og lurer, klar til å gi eit skikkeleg «kikk» som kan sitje i resten av livet.