Det er om morgonen eg høyrer på radio. Seinare på dag er det helst nyheitene på TV. Eg prøver å få med meg det meste av nyheitene, og ein del anna.

I min alder så vaknar eg nokså tidleg. Eg har då ein liten radio på nattbordet. Denne er stilt på NRK P1+. Eg tek den ofte på kl. 5.30, med høgtalar som propp i øyre. Då får eg høyre nyheiter og vêrmelding o.a. Det er interessant å samanlikne temperaturen i Nesbyen og Drevsjø. Ein får også høyre om bårene er høgare utfor Sunnmøre enn utfor Nordmøre.

Ligg ein til klokka halv-åtte, så får ein høyre heile andakta to gongar. Ved frukostbordet har vi ein anna radio. Har vi den på, så får vi høyre nesten heile andakta ein gong til, men då kuttar dei ut den siste delen, songen eller musikken som høyrer til. Eg har vore i kontakt med lokalradioen om dette. Eg har endåtil kritisert dei, og det må eg be om orsaking for. Dei fortalde nemleg at det var ikkje dei som hadde myndigheit til å bestemme kva som skal spelast. Så dei har fått skuld for noko som dei ikkje har skuld i!

Eg trudde nemleg ikkje at dei var så overstyrte.

Det kan gå bra om det er ordna slik, men det kan skje at det blir sendt noko som ikkje passar slik det gjorde for nokre år sidan. Det var då Odd Nordstoga var heilt på topp, og vi høyrde han mange gongar for dag. Då sende dei «Grisen står og hyler» etter andakta. Kanskje det var nokon som syntest at det passa? Ikkje veit eg.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!