Arne Nevra i SV meiner den borgarlege regjeringa er «asfaltkåte», Arild Hermstad frå MDG vil skrote det han kallar for regjeringsmonstervegar. Vi i Høgre jublar alltid for nye vegar: Vegbygging er bra for klima, næringsliv og distrikta.

SV vil skrote og skalere ned heilt naudsynte samferdselsprosjekt for nærare 100 milliardar kroner. Spesielt råkar dette Kyst-Noreg, der SV vil skrote viktige prosjekt som Hordfast, Rogfast og Møreaksen, i tillegg til fleire andre vegprosjekt som er naudsynte og viktige for ei levande kystlinje. Det verkar som om SV vil byggje ned kysten.

Dårlege vegar er ikkje god klimapolitikk

Ja, Høgre jublar når vi klarar å byggje ein meir moderne infrastruktur utifrå erkjenninga om at dette er god næringspolitikk, god distriktspolitikk og god klimapolitikk. Ein god og ambisiøs samferdselspolitikk er eitt av dei viktigaste bidraga for auka verdiskaping – ikkje minst i distrikta, der ein vesentleg del av dagens verdiskaping skjer. Gode vegar gjer rett og slett kvardagen betre og enklare. Dårlege vegar er ikkje god klimapolitikk, berre dårleg samferdselspolitikk.

Eitt av dei mest lønnsame prosjekta i Noreg er eit ferjefritt samband mellom Bergen og Stavanger, ein av landets sterkaste vekstskapande regionar. Dette prosjektet vil redusere reisetida betydeleg og legge grunnlaget for gode og miljøvenlege transportløysingar, som til dømes ekspressbussar.

Høgre er tydeleg på at vi treng vegbygging i heile landet. Det er ein heilt sentral føresetnad for å kunne ta heile landet i bruk. For Høgre er spreidd busetjing og eit aktivt og lønnsamt lokalt næringsliv svært viktig, og ein føresetnad for eit berekraftig og sterkt velferdssamfunn. Vi må knyte landet tettare saman.

Kall gjerne Høgre «asfaltkåt», men byggjer vi ikkje vegar, kan vi risikere å byggje ned landet. God samferdselspolitikk er god næringspolitikk, god distriktspolitikk og god klimapolitikk.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!