Det er ein marginal nedgang frå 6,1 % i 2018. Det er store forskjellar frå kommune til kommune, frå skule til skule.

Ingen ønsker at barn og unge skal blir utsett for mobbing, verken nasjonale myndigheiter, kommunale/fylkeskommunale skuleeigarar, rektorar, lærarar, elevar, foreldre eller mobbeombod. Det er ubehageleg når vi blir konfrontert med at det likevel skjer. Kvifor går ikkje tala ned? Kvifor får vi ikkje bukt med mobbing i landet vårt, fylket vårt, kommunen vår, skulen vår, klassa vår? Dette er spørsmål som har prega både det nasjonale og lokale ordskiftet mellom politikarar, fagfolk og andre etter at resultata frå Elevundersøkinga vart kjent.

Omboda synast det er flott at arbeidet mot mobbing blir sett på dagsorden ute i kommunane og i fylkeskommunen. Barn og unge treng eit sterkt og kompetent lag rundt seg, som er medviten ansvaret sitt og som både har vilje, kompetanse og kapasitet til å stå på for dei når dei treng det.

Barn og unge treng også at alle på dette laget veit og forstår at det ikkje finst nokon quick fix på problemet. Dei treng at laget ikkje set inn tiltak før problemet er undersøkt grundig og analysert. Dei treng at laget ikkje blir sett inn tiltak som verken er forskingsbaserte eller spesielt godt eigna formålet. Vi må slutte å behandle symptom og heller jobbe med årsak.

Kronikkforfattere: Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal og Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal.

Redusere mobbetala eller jobbe for trygge, inkluderande og gode skulemiljø?

Vi ønsker ein debatt der ein i større grad har fokus på korleis vi kan skape trygge og gode psykososiale miljø for elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring, framfor korleis vi kan redusere mobbetala. For det handlar om å starte i riktig ende.

Kapittel 9 A i opplæringslova, ofte heilt feilaktig og misvisande omtala som «mobbelova», handlar om at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helsa, trivselen og læringa deira, og kva mellom anna skulen skal gjere for å sikre at denne retten blir oppfylt. Det handlar om tryggleik og tilhøyrsle i fellesskapet dei er ein del av. Fråvær av krenkingar som mobbing treng ikkje å bety at skulemiljøet er trygt og godt.

Djupedalutvalet pekte i sin utgreiing, NOU 2015:2 Å høre til, på fem utfordringar i arbeidet med å fremme eit trygt psykososialt skulemiljø og å førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering på ein god måte. Utgreiinga dannar grunnlaget for den statlege innsatsen på området. Utfordringane det vart pekt på:

  1. Rettstryggleik – elevanes rettstryggleik blir ikkje oppfylt

  2. Skulekultur – skulekulturen fokuserer for lite på nulltoleranse for krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering

  3. Involvering og samarbeid – elevar og foreldre blir ikkje involvert godt nok i skulens arbeid med det psykososiale skulemiljøet

  4. Ansvarleggjering og systematikk – skuleeigar og skuleleiaranes kapasitet til å jobbe systematisk og langsiktig med å utvikle inkluderande skulemiljø er mangelfull

  5. Organisering – ansvarsfordelinga i støttesystemet er for utydeleg, som til dømes skulehelsetenesta, PP-tenesta, spesialisthelsetenesta (BUP)

For omboda er dette eit kjent utfordringsbilete, og mobbeombodet omtala fleire av desse utfordringane i sin årsrapport. Utrygge klassemiljø prega av skjøre relasjonar, sterke hierarki og gruppedanningar gir gode vekstvilkår for krenkingar og mobbing. Om ein legg til utfordrande dialog og samarbeid mellom skule og heim, utryggleik og konfliktar i foreldregruppa, manglande fagleg støtte og rettleiing for elevar, foreldre og skule i krevjande saker, svak samordning og heilskapleg tenking i hjelpetenestene og manglande ressursar og kapasitet, har vi ein situasjon som ikkje er ukjent verken for skulefolk, foreldre, elevar eller mobbeombod. Det er svikt i systemet rundt barn og unge. Det seier seg sjølv – her trengst meir enn kjappe løysingar og lindring av symptom. Vi må jobbe med årsaka til at mobbing skjer.

Bygg eit sterkt lag rundt barn og unge

Manglande førebygging er ei viktig årsak til at mobbing oppstår. Å førebygge mobbing handlar om å jobbe heilskapleg, systematisk og målretta med å skape trygge, inkluderande og gode læringsmiljø for barn og unge heile løpet – frå barnehage, til grunnskule og ut vidaregåande skule.

Bak mobbetala finn vi barn og unge som gruar seg til å gå på skulen fordi dei ikkje opplever å høyre til i fellesskapet. Fleire av dei trur det er deira eiga skuld, at dei berre må tole å bli stengt ute og mobba. Historiene deira er ofte vonde, vanskelege og komplekse. I kva for grad desse elevane vil oppleve å få det betre, avheng i stor grad av kvaliteten på systemet dei har rundt seg, laget. Mobbing og utanforskap er barn og unges problem, men dei vaksne sitt ansvar. Alltid.

Skuleeigar er den øvste ansvarlege, lagleiaren, på laget rundt barn og unge. Det er skuleeigars ansvar å sjå til at retten til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring blir oppfylt for alle elevar. Skuleeigar skal «stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast» (opplæringslova § 13-10). Skuleeigar skal etterspørje kompetanse og kvalitet på laget og bygge kompetanse der det trengst. Kva som er best for barn og unge skal vere eit grunnleggande prinsipp i leiinga i laget.

Ja, det er krevjande å bygge eit godt lag, eit lag der ein jobbar saman, heilskapleg og systematisk, og spelar kvarandre gode.

Ja, det er ressurskrevjande, både når det gjeld menneskelege ressursar, kompetanse, tid og pengar.

Og ja – det går an. Men da må vi slutte å late som vi ikkje veit kva som skal til, late som det finst kjappe løysingar, late som nedskjeringar, kutt og innsparingar i budsjett som omhandlar barn og unge ikkje har innverknad. Vi må begynne å behandle årsakene.

Og til slutt – ikkje gløym å ta med barn og unge på råd. Betre rådgivarar skal ein leite lenge etter.