I august vil dei i to timar om kvelden halde ei politisk markering der dei sett opp stand og held appellar, kvar det skal delast ut «opplysningsmateriell».

Eg burde vel ikkje vere overraska over at SIAN også kjem hit til vakre og fredelege Ålesund med tanke på all den aktiviteten dei har hatt andre plassar i landet. Det er likevel urovekkande at Sian også kjem hit, for det kan tyde på at dei tolkar det dit at dei har støttespelarar også her i kommunen.

SIAN seier dei vil innrette seg etter norsk lov og det kan tolkast dit at dei vil følgje politiet sine vilkår for å kunne halde demonstrasjonen sin. Tidlegare erfaringar viser likevel til noko anna, jamfør brenninga av Koranen i Kristiansand 16. november i fjor, etter pålegg om å ikkje nytte seg av ope ild.

Argumenta til dei som vil gje tillating til denne demonstrasjonen vil nok i hovudsak vere at vi må skjerme om ytringsfridomen. Eg er heilt samd i at ytringsfridom er noko av det viktigaste vi har, men som nylege dommar har vist den siste tida, har også ytringsfridomen ei avgrensing – det er ikkje tillat med hatefulle ytringar som går på kostnaden av andre si ytringsfridom og avgrensing av religionsfridom. Faktisk blei leiar Lars Thoresen nyleg dømt for dette i bakgrunn av det som blant anna har stått på trykk i Sian sine brosjyrar – brosjyrar som Sian no ønsker å dele ut på Joachim H. Rønnebergs plass.

Eg er samd med ordførar når ho seier at Sian står for det motsette av toleranse, dialog og førebygging av valdeleg ekstremisme, som vi må prioritere i samfunnet vårt. Å tillate ein slik anti-islamistisk demonstrasjon vil ikkje vere med på å framme dette på nokon måte.

Ein kan seie og diskutere mykje rundt ideologiar og religion, men vi kan ikkje tillate at ein kan stå på offentleg plass og fordre til hat og religiøs forfølging av grupper.

Som ordføraren, er også eg provosert av val av stad. Joachim Rønneberg kjempa for fred, fridom og gode verdiar, ikkje for trongsyn, hat og polarisering av minoritetar. Å gje tillating til at SIAN skal få demonstrere på Joachim H. Rønnebergsplass framføre Rådhuset vil vere eit hån mot dei som kjempa for vår fridom.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!