Mange års samanhangandes skuledrift i lokala frå 1939 såg ut til å vere over.

Borgund v.g. skule tok over den undervisninga som hadde skapt innhald i Ørskogskulen.

Då kom IMF – Indremisjonsforbundet på bana. Kan dette vere staden for ein folkehøgskule med plass også til 16-åringar? Dei tende på tanken, og søknad vart sendt til dei rette instansar.

Eg var sjølv med i politikken i Ørskog kommune og saman med resten av kommunestyret applauderte vi tanken og søknaden. Åra gjekk utan at noko positivt svar kom frå Oslo. Kommunen overtok eigedomen frå Fylket og nytta bygningane til grunnskule medan nye Ørskog skule vart bygt.

I alle desse åra har vi alle visst at søkjaren var ein kristen organisasjon. Vi var alle innforstått med det IMF står for. Dei driv mange skular rundt i landet. Dei byggjer på Bibelens lære og legg sjølvsagt vekt på å formidle dette til sine elevar. Dette tilseier sjølvsagt at tilsette formidlarar/lærarar kan slutte seg til dei målsetjingane eigaren (IMF) har. Ingen har meg kjent ytra noko negativt til at nettopp IMF ville satse på skule i Ørskog.

I 2018 kom så endeleg eit positivt svar frå Departementet. Skulen var godkjent som Folkehøgskule med IMF som eigar og drivar. Kommunen stilte seg positiv også no, og eigedomen vart gjeven til IMF. Arbeidet med renovering er godt i gang. Internat skal byggjast.

Skulestart er fastsett til august 2020. Tilsette og lærarar skal på plass. Eit hektisk og krevjande arbeid er i gang! Eg takka sjølv ja til å vere med i eit interimsstyre for skulen og er no møtande varaperson til det nyvalde styret – rektor og styreleiar har hendene fulle av oppgåver. Eg var med på styremøtet for ei tid attende der IMF sitt verdidokument for skular IMF driv, skulle gjelde også for Sjøholt folkehøgskule. Sjølvsagt – alt er då i samsvar med IMF sin praksis og innanfor vedtekne lover og regelverk frå sentrale politiske organ. Dette er stadfesta av statsråden.

Så dukka ei rekkje avisartiklar og innlegg på sosiale media opp. Verdidokumentet vart vridd og vend på og urette påstandar vart framsette. Mange let seg rive med og saka vart landskjend. Noko merkeleg for meg at vår eiga lokalavis som fram til då hadde skrive mykje positivt om IMF sine skuleplanar, fann det rett å slå opp si negative vinkling inn mot verdidokumenta. Bevisst, ubevisst? Ei orsaking ville her vere naturleg!

Eg håper no at dei svar IMF og politiske mynde har kome med, kan leggje denne debatten død! Takk til nyvald ordførar i Ålesund for positivt innspel. Takk også til Ola Grytten.

Takk til alle som arbeider på spreng for å få alle brikker på plass slik at vi kan ta mot dei første 50 elevane i august. Takk til alle som vil arbeide på ein kristen folkehøgskule, nettopp i bygda vår – Sjøholt. Skuleplanane ber bod om at her vil vi få ein skule med innhald og haldningar vi kan vere stolte av. La vi stå saman om det som no skal kome på Lande!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!