I ein foreldreundersøking, som vart gjort blant alle foreldra på skulen i 2019, kom det fram at mange tykkjer elevane ikkje har ein trygg nok skuleveg. Dette gjeld både for dei gåande og dei som er avhengig av transport. Over 30 % av foreldra meiner at borna deira ikkje har ein trygg skuleveg, og nesten 30 % tykkjer at skulen ikkje tilbyr ein hensiktsmessig skuleskyss med tanke på tryggleik og reisetid.

Fjord kommune er stor i areal og mange elevar har lang reisetid til barne- og ungdomsskule på Valldal sida av kommunen. Fleire elevar må også gå på smale vegar og krysse veg med stor nærings-/turisttrafikk. Dette gjer at både kommunen og fylket bør ha helse, miljø og sikring sterkt i fokus for borna våre.

I nærleiken av skulen, og som deler innkjørsel med skulen, ligg det ei bedrift som driv med sandproduksjon. Dette gjer at det svært ofte køyrer store lastebilar til og frå sandtaket når skuleborna kjem og reiser frå skulen. Mange foreldre har observert lastebilar i stor fart. Krysset er stort og svært uoversiktleg. Det er heller ikkje noko gangfelt på hovudvegen, eller ein overgang for sikker kryssing av vegen.

FAU ynskjer at kommunen og fylkeskommunen ser på dette saman med oss, utfører ein ROS-analyse av området og lagar ein plan for korleis vi best kan sikre borna våre.

Vi ynskjer også å få betre lyssetting ved gangfelta borna nyttar på veg til skulen.

Som nemnt er også foreldra lite nøgd med busstilbodet borna får. Til hausten vil det byrje fyrsteklassingar som bur 20 km frå skulen. Med busstilbodet som er i dag vil det ta 60 minutt ein veg å sitje på bussen. Dette meiner vi er for lenge for 6-åringar, og vi ynskjer at borna skal opphalde seg kortast mogleg på bussen. Vi veit at fylket har utfordringar knytt til busstilbodet i distrikta, men vi ynskjer ein dialog i forhold til å kunne bruke anna skyss, som drosje for enkelte elevar, særskild dei i småskulen.

FAU ynskjer også at fylket, kommunen og vi i fellesskap går gjennom haldeplassar og gjere ei ROS-analyse av disse for å avdekke om dei er sikre nok for borna våre.

Store delar av skuleåret er gjennomgangstrafikken i Valldal ekstremt stor, og vi ser at turistsesongen kvart år vert utvida på vår og haust. Dette gjer av vi alle må ha tankar om å sikre borna våre på best mogleg måte. FAU ynskjer å ha ein tett dialog med fylkeskommunen og kommunen om utfordringane vi har kome med i brevet, og håper at dette lar seg gjere så snart som mogleg.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!