– Eit samla tillitsmannsforum stiller seg kritisk til dette. Vi har opplevt at bodskapen frå fylket har vore at kollektivtrafikken og bussar har vore eit satsingsområde. Innbyggarar har gjennom nye billettprodukt og digitale plattformer blitt oppfordra til å reise kollektivt.

Vi som fagforeiningar ønsker eit fylke, der passasjerar nyttar kollektivtilbod som ein naturleg del av kvardagen. Om dette skal bli ein realitet ser vi det som naturleg at tilbodet til buss må styrkast.

Samtidig må prising på bussreiser bli slik at bussen blir eit naturleg og økonomisk val. Bussen skal vere det som knyt utkantar til sentrum med gode tilbod kvardagar og helg.

Å stoppe global oppvarming er ei krevjande utfordring. Transportsektoren er ein av dei store bidragsytarane til utslepp av forureining og uønskt klimapåverknad. Busstransport er i Norge et prioritert område for satsing på lavutslippsteknologi og fornybart drivstoff.

Fylkeskommunane har økonomiske moglegheiter å prioritere ikkje forureinande, og miljøvennlege løysingar ved anbodsutlysingar på busstrafikk. Alternativt vil vi stå framfør ei vesentleg auke av personbiltrafikk, fordi kollektivtilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å frakte passasjerar til og frå sentrale område.

Vi ser på dei føreslåtte kutta som eit så stort tilbakesteg for kollektivtilbodet at det ikkje kan gjennomførast. Utan eit godt og permanent kollektivtilbod kan ein raskt rekne med to bilar pr. bueining. Busstilbodet må kunne bringe innbyggarar til og frå jobb, institusjonar og anna service innanfor ei kjernetid som fangar opp dei fleste behova kvardagar, helg og skulefridagar.

Blir dette gjennomført vil det ramme distrikta ekstra hardt, det tilbodet som er opparbeidd vil bli rasert og det vil ta lang tid å bygge det opp att.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!