I eit innlegg frå Ap-representant Erik Kursetgjerde får absolutt alle utanom Ap passet sitt påskrive, og absolutt alle andre har ansvaret for ferjesituasjonen her i fylket.

Erik skriv: «Folk ynskjer handling – og den einaste moglegheita ein har til å reversere takstaukane snarast råd er ekstra løyvingar».

Den absolutt einaste moglegheita for å betre situasjonen for dei ferjereisande og næringslivet, er det faktisk eg og du samt resten av fylkestinget her i fyllet som kan gjere noko med.

No hadde eg ikkje forventa så mykje frå Kursetgjerde ang. samferdselspolitikken, men hadde likevel venta at ein tok seg bryet med å setje seg litt betre inn i saka.

I svært mange år har ein arbeidd med ferjenøkkelen.

Heilt frå tidspunktet Møre og Romsdal fylke vart påtvinga av den raud/grøne regjeringa til å ta over riksvegferjene, mangla fylket ca. 120 mill. kr pr. år.

I åra frå 2010 til ny regjering kom i 2013, fekk fylket ca. 270 mill. kr til ferjedrifta pr. år, frå ny regjering kom på plass steig løyvingane til heile 426 mill. kr pr. år.

Etter dette har fylket brukt årleg om lag same summen som ein har forbrukt. Hoppet i kostnad kom no når Ap og Kursetgjerde tok over styringa av fylket i 2020.

At Ap, Sp og gjengen heller brukar pengane 150 mill. kr på opera, fleire hundre mill. kr årleg til område som fylket ikkje har ansvaret for, forstår eg godt er vanskeleg å snakke seg vekk ifrå.

Alle veit at det ikkje er råd å endre ferjenøkkelen med eit «benkeforslag» slik Ap kom med på Stortinget. Vi må ta dette ansvaret sjølve i 2020, og vi har to alternativ.

Autopass-direktivet kan vi anten utsette eller ikkje innføre her i fylket. Dette kostar ingen ting for fylket, Autopass kortet og brikka skal brukast, men vi kan nytte Riksregulativet, slik at bilistane sparer 32 % samt at næringslivet unngår takstaukar på 8–39%.

Er du med på dette Erik? Dette er akkurat å gjere slik du skriv: Ta ansvar og gjer noko med saka.

Eg og Frp har fremma eigen interpellasjon til fylkestinget 21. 4. Då kan du faktisk få vise meg i praksis om du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Det andre alternativet er å bruke dei 70 mill. kr som kom som ekstraløyving i frie midlar frå staten i desember. Pengane står pr. i dag på disposisjonsfondet, og kan nyttast i år til å kutte dei to takstaukane i ferjedrifta.

Kristin Sørheim meiner pengar som er tiltenkt eit formål, må gå til dette. Kva med ferjefondet, der dykk tek 150 mill. kr frå og brukar på opera? No blir operabygget utsett, og då ville det vere betre å bruke desse 150 mill. kr til tunellsikring i staden, – då ville vel dei 70 mill. kr kunne brukast til ferjedrifta vil eg tru.

Ikkje noko «snikk snakk, eller bortforklaring». Dette er eit realframlegg som vil kunne løyse saka for 2020. Framlegget er også inne i interpellasjonen til fylkestinget 21/4. Her kan du også Erik Kursetgjerde vise at du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Ta ansvar i lag med meg. Du har moglegheita i fylkestinget i april ved å stemme for interpellasjonen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!