Dette gjeld deler av den mykje omtala ferjefrie vegen mellom Kristiansand og Trondheim. Fjordkryssingane er sikkert viktige for mange. Kanskje endå viktigare er vegstandarden mellom fjordane.

Valg av kryssing av Romsdalsfjorden bør ikkje vere endeleg avgjort. Vi må ta oss den tid at alle relevante alternativ får sine utgreiingar. Så langt har vi den vedtekne Møreaksen og konkurrenten Romsdalsaksen. Her er ikkje alt kome på bordet. Vi bør bruke den tida vi treng for at valet mellom dei to vert gjort på likeverdige grunnlag.

Nyleg las eg at Vegvesenet arbeider med å finne det rette alternativet for trase mellom Ørskogfjellet og Tomrefjord, med tanke på vidareføring via Møreaksen. Dette hastar ikkje, jf. det eg har skrive lenger oppe.

Eg vil i dag fokusere på ei viktig vegstrekning for både E39 og E136, Dragsundet – Ørskogfjellet. Her er vedtaka gjort. Trasevala er på plass. Her kan detaljplanlegginga starte og arbeidet setjast i gang innan rimelege tidsfristar. Vegen frå Dragsundet – Solnørdalen – tunnel til Landedalen og vidare opp og ned Ørskogfjellet kan byggjast aller først. Vegen er heilt uavhengig av eit framtidig val av kryssinga av Romsdalsfjorden.

Ny veg her vil gje fleire viktige forbetringar: Kortare og betre veg på strekninga, krabbefelt over Ørskogfjellet, Europavegane utanom eit overbelasta Sjøholt sentrum og ei framtidig tilrettelegging for samanknyting med vegen innover fjorden (Børdalslinja). Ikkje minst vil dette utløyse svære fordelar for indre del av Ålesund – Sjøholt – der trafikken er i ferd med å kvele bygda.

Her ser eg det rett å utfordre den nye bykommunen Ålesund. Med si tyngde bør dette verte ei prioritert sak for alle politiske parti og organ vi no har etablert i kommunen.

La oss vise at ikkje alt arbeid og kostnader endar som planar i arkivet eller luftslott vi ikkje kjem vidare med.

Eg stiller følgjande spørsmål: Kva er eventuelt hindringane for å starte anleggsarbeidet på denne strekninga? Vedtak om løyvingar kan gjerast raskt, og finplanlegginga likeins. Når dette er på plass, ser eg ikkje fleire motbakkar. Vi har mange maskinentreprenørar i vår region som truleg står klare. Ordførar Eva Aurdal: Kom på bana straks!

Eg ønskjer reaksjonar frå alle politiske parti, kommune og fylke på synspunkta ovanfor. Ei spennande ventetid ligg framføre. Det må då vere svært inspirerande innan overskueleg tid å sjå at deler av eit stort samferdselsprosjekt vert realisert.

Lukke til – gje gass – og gje oss ny veg Dragsundet – Ørskogfjellet.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!