Politikar Malene Strømmen Malakzadeh. Eg er i skrivande stund i Laos, og fyl ikkje så godt med heimlandet. Men eg kom over Dykkar innlegg om SIAN.

Kjære politikar: Vil De vera så snill å lesa Koranen, så De veit litt kva De snakkar om? Så slepp vi slik politisk og kjenslemessig korrekte folkeopplysning heilt utan reell kunnskap om hovedsakene – i dette tilfellet kva Koranen og dermed Islam står for. Det er heilt tydeleg De aldri har lese boka. Så kan vi evt. ta ein debatt etterpå.

Eg vil nytta høvet til akkurat gje same oppmodinga til ordføraren. Ho hadde eit like politisk korrekt og kunnskapslaust innlegg for litt sidan.

Forresten kan eg med det same be Dykk båe også lesa Mein Kampf, og sjå om De ser parallellar mellom dei to. T.d. om menneskesyn, diktatur – under Islam eit religiøst diktatur – rasisme, slaveri, bruk av vald, undertrykking, Ubermench/Untermench, metodar å bruka for å undertvinga andre land, kulturar og menneske, lovleg bruk av uærlegdom, osv. Slike ting som WW2 dreia seg om, og som t.d. Joachim Rønneberg slost mot.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!