Marthe Valle, artist, låtskrivar og sjukepleiar, og sterkt engasjert i hjelpeorganisasjonen Dråpen i havet er nett komen heim frå nok eit opphald som hjelpearbeidar i Moria-leiren på Lesbos. Nokon huskar kanskje henne frå eit av dei meir alvorlege og minst fjasprega innslaga i programmet Lindmo i februar i fjor? Ta deg tid til å lese kva Marthe skriv på FB her:

«Jeg sliter alltid med å komme hjem. Nå er det verre enn noensinne. Responsen til de som styrer dette rike og fredelige landet på at flyktninger skytes og tåregassens, er å sende madrassar og forsterkningar til å halde grensa. De serverer oss krigsretorikk.

«Holde grensa»?! Fra hva?

Fra ungene? Fra de utslitte mødrene og fedrene? Fra de krigstrette ungguttene? Fra de gamle? På debatten diskuterer de alkoholpolitikk, og jeg ser skremte barneblikk når jeg lukker øynene. Sliter med å konsentrere meg om andre ting fordi jeg vet at det skjer nå. Det skjer nå. Det skjer nå. Det skjer nå.

Det er vår anstendighet og moral som skytes i fillebiter. Det er vår menneskelighet som forvitrer med hvert eneste asylmottak vi legger ned. Det er vår sjel som brenner opp når desperate barneskrik ikke lengre gjør inntrykk.

Det skjer nå. Det skjer nå. Det skjer nå.»

(Gjengjeve med tillating frå Marthe Valle)

Dette burde vere ein varsla katastrofe som EU og resten av Europa har hatt nærare år på å førebu seg til. FN si høgkommisær for flyktningar har gjentekne gonger oppfordra til evakuering av dei mest sårbare.

Ingen ting har skjedd medan fleire og fleire har kryssa dei korte avstandane til dei greske øyane. På Lesbos er det no ikkje mogleg for frivillige hjelpearbeidar å kome inn i leiren. At Tyrkia no sender flyktningane vidare over grensa i Nord Hellas er berre dropen som har fått begeret til å flyte over, der blir dei møtt av gresk politi fråtekne alt (identitetspapir, pengar og kle) og sendt attende i berre undertøy. (VG 07.06.)

Er det dette «våre forsterkingar» skal hjelpe til med?

Kor lenge skal vi ha det slik? Er det ikkje på høg tid at andre enn dei kalde og kyniske, og dei som berre vel å lukke augo og tolar dette «så inderleg vel» får og setje dagsorden?

Er det nokre anstendige att i Høgre, som ifylgje deira innvandringspolitiske talsmann Ove Trellevik i intervju med Klassekampen fredag 6. mars har som mål at Norge skal slutte å behandle asylsøknader. «Outsourcer» dei politikken sin om dette til FRP?

Kor er Venstre og KRF? Kor et Senterpartiet? Kor er Arbeiderpartiet, som framfor alt skulle gå i bresjen for solidaritet? Kor er kristenfolket som er opptekne av «våre verdiar»?

Kor er du?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!