Skårbrevik meiner det har vore for lite informasjon til innbyggarane om undersøkinga. Han meiner også at kommunen ikkje har god kontroll på kven som svarar på undersøkinga, ettersom han sjølv har svart på den to gongar. Her er eit forsøk på å svare ut innspela frå Skårbrevik:

Ålesund kommune har sidan 10. mars hatt innbyggarundersøkinga #Folkestemma. Målet med undersøkinga er å finne ut kva innbyggarane meiner om butilhøve, politikk, nærmiljø, trivsel, samarbeid og dialog med kommunen. Eit høgt tal svar med spreiing i alder og geografi, er viktig for å få ein god peikepinn på kva innbyggarane meiner om desse emna.

Undersøkinga blei gjort kjend på heimesida, på Facebook og i politiske fora. I tillegg blei alle verksemdsleiarar oppmoda om å gjere den kjend for sine brukarar. 11. mars var det innslag på radio – og vi som sto bak, hadde planlagt ei kampanje for å nå flest mogleg av våre innbyggarar på diverse arrangement og på blant anna kjøpesenter, bibliotek og seniorsenter.

12. mars hadde vi plutseleg ein annan situasjon i landet vårt.

Koronaviruset har forståeleg nok trengt fokus frå kommunen si side desse dagane. Vi valde å trappe ned ambisjonane vi hadde om mange svar, men ønskte fortsett å nå det breie lag av befolkninga. Dermed utsette vi svarfristen, og spissa kommunikasjonen vår inn mot dei aldersgruppene og geografiske områda der vi hadde låg svarprosent.

Kommunen har denne gongen valt å lage ei open undersøking for at det skal vere enkelt å delta i ho – og slik at den som ønsker det, kan svare. I praksis betyr det at vi ikkje kan vere sikre på om nokon har svart fleire gongar. Vi trur likevel at innbyggarane våre er oppriktige i sine svar og ønsker å svare berre ein gong.

Vi vil gjerne nytte høvet til å takke dei som har svart. Svara vil vi nytte som grunnlag for vidare prosessar og utviklingsarbeid om desse emna, i dialog med innbyggarar, tilsette og politikarar.

Dette er den første innbyggarundersøkinga i den nye kommunen, men vi kjem til å ha fleire med jamne mellomrom.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!