Gjennom heile samanslåingsprosessen har vi lese om kor raus Eva Vinje Aurdal og co. har vore mot småkommunane, og det er sjølvsagt lett å vere raus når rekninga vert sendt til innbyggjarane etterpå. Faktum er at både ordføraren og Fellesnemnda har vore mest rause mot seg sjølve og sine venner på Rådhuset. Var det ikkje 6500 kr pr. møte medlemmene i Fellesnemnda bevilga seg sjølve, meir enn ei halv månadsutbetaling for ein minstepensjonist?

I tillegg sytte dei og fleirtalet i kommunestyret for at lønsadelen på Rådhuset, byråkratar og topp-politikarar, kunne innkassere millionløner og andre privilegiar, noko som resulterte i eit meirforbruk på over 120 mill. kroner!

Eg synest å hugse at målet var å spare gjennom stordriftsfordelar! Og spare må vi, vi som skal betale gildet til lønsadelen. Rådmannen har forresten alt foreslått å spare 30 mill., ikkje på administrasjonen sjølvsagt, men på helse og omsorg!

Det er administrasjonen som styrer og politikarane blir sitjande som gislar for manglande saksutgreiing.

Vi kan like godt ha hengt opp eit bilete av dei i bystyresalen, så sparer vi i alle fall møtegodtgjersla.

Det er no vi skulle hatt ein Sunnmørspost og eit Bygdeblad som gjekk byråkratiet og politikarane i saumane, men det har vi ikkje. Tvert om har pressa vore eit talerøyr for samanslåingsprosessen i den grad at Sunnmørsposten ei tid blei kalla Aurdalsposten.

Vi må i alle fall begynne å spare, i første omgang ved å droppe våre koselege byturar, i andre ved å vurdere om vi skal fornye abonnementet på Bygdebladet og Sunnmørsposten. Vi har fått ei avgiftsauke etter samanslåinga med rause Ålesund på 157 %.

Exit Ålesund, vi må ut av vanstyret!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!