Med fare for å stille meg for hogg, må eg få bere fram nokre få refleksjonar.

Mykje står fjernt frå Krfs verdiar, men mennesket står alltid nært. Psykologspesialist Marit Johanne Bruset åtvarar om at vi nå kan komme til å stå overfor ei av de største medisinske skandalane sidan innføring av lobotomi i 1948. Skandalen ho åtvarar om, er at mengder av ungdomar kan bli feildiagnostiserte med kjønnsdysfori og få gjennomført kjønnsskifte – for så å angre på det seinare.

Forsking syner at dei aller fleste veks av seg låke tankar om identitet i barndom og ungdom. Operasjon er irreversibel, og langvarig hormonbehandling veit forskarane lite om.

Kjønn er no blitt ei kjenslesak. Den åndelege tsunamien frå ei lita gruppe homoseksuelle aktivistar kjem med ein kraft, intensitet og med eit forsett vi må vakne for. Biologisk kjønn og familien frå tidenes morgon får brått best-før-stempling. Mor-barn-relasjonen og far-barn-relasjonen står i vegen for «framsteget».

Slike tankar har no fått fløyel å lande på i kyrkje, kyrkjelydar, i byråkratiet, i lovgivinga og rettssystemet, i barnehagar, skular, høgskular og universitet.

FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald går fram med ein bodskap som set vaksne sine behov føre barns rettar. Staten er i ferd med å gi high five for ein radikal ideologi, som godt kan vise seg som det største samfunnseksperimentet i vår historie.

Frå eldgamle tider er det produksjon av kjønnsceller som avgjer kjønn og som er den biologiske basis for liv. No blir det opna opp for variantar basert på bioteknologi og sosiologi.

Å tenkje heterosentrisk er blitt diskriminerande. Lobbyistar som skryt av at dei maktar nå måla sine ved å gå under radaren, endrar på kort tid vår oppfatning om kjønn og familie, og heile vår samfunnsorden.

Vil det norske folk det? Det kan beint fram bli straffbart å seie at Keisaren ikkje har klede på seg.

I ytringsfridomens namn kan ein no sjikanere alle som held seg til sanninga, naturen, biologien og Gud. Vil vi det?

Kanskje seier det norske folk i desse tider som forfattaren Halldis Moren Vesaas (1907–1995) som under krigen skreiv diktsamlinga «Tung tids tale» (1945). «Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi.»

Vil Vi dette, eller er vi i ferd med å bli grunnlurt?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!