Lesarinnlegg:

«Ansvar – ansvarleg – nokre refleksjonar»

Leif Hovde er ein klok mann. Det har han vist i mange samanhengar.

Illustrasjon.   Foto: Staale Wattø

I denne saka som i svært mange andre, vert dessverre ansvaret skufla frå den eine til den andre.

Ragnar Elias Bakken
Meninger

Siste åra har han nytta Sunnmørsposten sine spalter til å formidle klare, eintydige og fornuftige synspunkt. Sist laurdag i nettutgåva av Smp hadde han ein interessant artikkel på trykk: «Om å tømme ord for innhald». Ikkje utan grunn la artikkelen stor vekt på kva tankar vi kan gjere oss rundt ordet ansvar og såleis avleiinga ansvarleg. Eg skal ikkje her gå nærare inn i Leif sine tankar rundt dette ordet. Dei står støtt på eigne bein.


Leserinnlegg:

«Om å tømme ord for innhold»

Språket er et av våre viktigste kommunikasjonsmidler. Det fungerer godt når både sender og mottaker har tilnærmelsesvis samme innhold i ordene. 


Eg vil også la mine funderingar spinne rundt dette mykje nytta ordet ansvar. I den språklege kommunikasjonen mellom oss menneske vert ordet ofte nytta utan at det går klart fram kva som er meininga. Du eller eg kan ha ansvaret for ei handling eller for at noko ikkje vert gjort, eller gjort rett. Vi kan verte straffa eller må betale ei erstatning for ansvarsløyse, men ikkje alltid. Ofte vert ordet teke fram og nytta i samband med at negative konsekvensar er resultatet.

Ansvar handlar ofte om at eg eller du må svare på eller gjere greie for våre handlingar. Eg må kunne forsvare det eg har gjort. Ofte vert ansvaret pulverisert og kosta under teppet. Konsekvensane av vårt ansvar vert feia til side og den eller dei ansvarlege slepp ofte med det. Kva er då att av ordet ansvar si eigentlege tyding i høve konsekvensar.


Leserinnlegg:

«Avgifter og skatter – politisk styring?»

Det er vel nå grunn til å stille spørsmålet om driften av den nye kommunen er blitt så stor og komplisert at politikerne gjør vedtak uten å forstå konsekvensene.


I det offentlege – administrativt og politisk – kjem det fram at personen, personane eller organa med fullt ansvar har gjort feil utan at det får konsekvensar. Du eller eg har teke på oss ei oppgåve der vi er ansvarlege for resultatet – og dette er riv ruskande gale. Kva då? Ofte er løna ein drusteleg fallskjerm og over til nye oppgåver. Alternativet kan også vere at den skuldige freidig står fram og forkynner: «Eg tek ansvaret for å rydde opp!» Er han/ho då rette person til denne oppgåva?

Eg kan ikkje la vere å nytte siste hendinga knytt til Ålesund kommune der fleire tusen fakturaer vart sende til oss innbyggjarar – der alle var feil. Nokon tok i 2018 på seg oppgåva med å ordne dette – dei tok også ansvaret for at dei rette tala skulle kome til oss i 2020.

I denne saka som i svært mange andre, vert dessverre ansvaret skufla frå den eine til den andre. Det skaper eit virvar av trådar og endar til vanleg med at den eller dei ansvarlege vert «frikjende». Politikarane var dei som i denne saka sette sitt sluttstempel på resultatet, dei godtok det som kort tid seinare skapte eit ramaskrik mellom innbyggjarane i byen vår.

Ansvarlege? Einkvan var i 2018 ansvarleg for det grunnlaget konsulentane så bygde sine vurderingar på. Kva ansvar ligg til desse og kva konsekvensar får det at dei ikkje greidde den oppgåva dei i si tid tok på seg, med god utteljing på lønsslippen.

For mange år sidan var det mi oppgåve å svare rett på dei rekneoppgåvene eg fekk tildelt på eksamen. Eg hadde ansvaret. Eg svarte noko litt feil og måtte ta konsekvensen av dette. Ein karakter ned!


Lesarinnlegg:

«Exit Ålesund!»

Alle eg har snakka med etter mottakinga av sjokkavgiftene frå Ålesund, har same krav: Vi Må kome oss ut av Ålesund! Vi har ikkje råd til å bu der.


Eg skal ikkje måle ut konkrete konsekvensar for dei «skuldige» i «fakturaskandalen». Men – det finst vel nokon i systemet som skal utføre den oppgåva – og vere ansvarlege for resultatet? Eller …?


Slik blir den politiske prosessen:

Nytt gebyrforslag klart innen neste uke

Vann- og avløpsgebyra i Ålesund skal reduseres et sted mellom 30 og 40 prosent i forhold til fakturaen som ble sendt ut før påske.



-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!