Hendinga vart filma og delt på sosiale media, og blant ungdommane har dommen allereie falle: Tenestemannen brukte utilbørleg vald.

Om maktbruken er utilbørleg, eller om den kan forsvarast innanfor lover og reglar, er no opp til Spesialeininga for politivald og eventuelt domstolane å avgjere. I Ørsta som lokalsamfunn er det viktigare at ungdommane opplever det som utilbørleg vald, og at konflikten mellom ungdommar og politi har blitt meir tilspissa.

Tilhøvet mellom ungdommar og politi har blitt dårlegare etter at politiet byrja å slå ned på råning. Det er nok mange som opplever det slik ein av dei formulerte det: «Det er ein oss-mot-dei situasjon». Mest truleg kjenner politiet på det same, sidan tenestemennene ifølgje lensmannen følte seg pressa og trua. Opplevinga til politiet skal ein ta på alvor. På same måte må ein ta på alvor ungdommane si oppleving av at kommunen og politiet med ulike middel pressar, truar og/eller straffar dei. Vi har såleis ein situasjon som ingen partar likar. Så kva kan ein gjere?

Når ein treng idear, er det ofte lurt å sjå korleis ting vert gjort andre stader. I eit kryss ein stad mellom Gdansk og Sopot, kom eg ein torsdagskveld over mange hundre ungdommar. På parkeringsplassane i nærleiken av krysset vart motorar rusa og dekk vart svidd. Standarden var rake rør og blå flammar ved girskift. Folk avtalte kven som skulle køyre mot kvarandre. Dei stilte seg i lyskrysset, venta på grønt og forsvann. Tilskodarane applauderte, snakka med kvarandre og sende videoar på Snap. Så, kva har «illegal street racing» i Gdansk med råning i Ørsta å gjere? Faktisk ganske mykje.

Ungdommen i Gdansk kunne fortelje at samlingane har gått føre seg kvar veke i mange år, og var ei viktig hending for motorinteresserte i alle aldrar, frå heile regionen. Politi, politikarar og administrasjonen har såleis hatt rikeleg med tid på å stoppe dette. Ein grunn til at det ikkje har skjedd, er nok at dette skjer ein dag i veka, i eit næringsområde, og frå klokka ni til elleve på kvelden. Det er såleis ikkje noko som er til stor ulempe for mange innbyggjarar. Det kan til og med vere at styresmaktene ser verdien av at ungdom samlast om ei interesse.

Her har dei motorinteresserte i Ørsta noko å lære. Ved å ikkje spreie aktivitetane ut over store tidsrom og på mange stader, vert irritasjonen over støyen mindre. For rake rør og mange hestekrefter støyar vesentleg meir enn ein Nissan Leaf. Problemet er at dette ikkje er enkelt.

Når dei motorinteresserte i Ørsta ikkje har ein stad dei kan samlast, så vert dei alle stader til alle tider – og til sjenanse for dei som ønskjer fred og ro. Kommunen må dermed finne ein stad. Vi har lagt ned store summar i idrettsanlegg av ulike sortar. Vi har kulturhus og kino. Vi har kyrkjer, bedehus, grendahus, skyttarlagshus og Røde Kors-hus. Men vi har ikkje ein stad der ungdommar kan samlast om bilinteressa si. Vi har ikkje ein gong eit lyskryss i eit industriområde som kan nyttast.

Å finne ein stad til den motorinteresserte ungdommen har blitt forsøkt fleire gongar, men ein har ikkje lukkast. Dette gjer at store delar av ungdommen i Ørsta har konkludert med at det ikkje er noko poeng i å snakke med politikarar. Det skjer ikkje noko likevel. Då har vi ikkje berre motorinteresserte ungdommar utan ein stad å vere, men også eit demokratisk problem: Desillusjonerte ungdommar som ikkje trur på det politiske systemet.

I Gdansk såg forholdet ut til å vere bra mellom politi og motorinteressert ungdom. Ingen køyrde derifrå når politiet kom. Det var til og med dei som kappkøyrde sjølv om politiet var der. Det er likevel ikkje slik at politiet i Gdansk godtek ulovleg gateracing. Eg vart fortalt at det alltid var fleire som reiste heim att med ei bot. På den måten er signalet tydeleg: Dette er ikkje lov. Dei ser altså gjennom fingrane med ein del, og har såleis unngått den situasjonen ein har i Ørsta: Eit fokus flytta frå det å dyrke ei interesse, til det å ikkje bli tatt for å dyrke ei interesse.

For at politiet skal kunne gjere jobben sin i eit samfunn, må handlingane vere legitime. Ein føresetnad er då at politiet sine handlingar vert forstått som tenlege av ungdommane i Ørsta. Når ungdommane i dag har sett seg nøydde til å lære seg politilova og køyretøyforskrifta for å ikkje føle seg trakasserte, så må ein rekne med at konfliktar oppstår når politiet prøvar å gjere jobben sin. Politiet sitt arbeid er som vi alle veit i stor grad basert på skjønn, og ulike personar vurderer ulikt. Når dette er situasjonen, kan ein ikkje gjere feil mange gongar om ein skal behalde tilliten. Dette gjeld i særleg grad maktmiddel som berre politiet har lov til å bruke.

Når store delar av ungdomsmiljøet ikkje forstår kvifor polititenestemannen nytta batong og peparspray, så hjelper det ikkje om det vert konkludert med at det er lovleg bruk. Når kommunepolitikarane stengjer råne-runda i Ørsta utan å gi ungdommane eit alternativ, så er det ikkje akkurat konfliktdempande.

Om batong- og peparspraybruken til polititenestemannen skal bli eit vendepunkt framfor ei eskalering, må alle partar gjere sitt. Ungdommen må jobbe for at ryktet skal bli betre, kommunen må ta motorinteressert ungdom på alvor og gi dei ein stad å vere, og politiet må vise at dei kan gjere noko bra for ungdommen. Ulempa er at alle tre partane må gjere sin innsats på ein gong – og det må skje gjennom handling.

Kinoen utanfor Ørstahallen i påska var i så måte eit steg i rett retning. Det var ei felles handling mellom motorinteressert ungdom og kommunen. Det var berre synd at politiet ikkje nytta høvet like aktivt som til dømes ordføraren, som brukte kvelden til å vise ungdommen kvar dei skulle parkere.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!