Lesarinnlegg:

«Kva gjer fylkespolitikarane?»

Før fjorårets fylkestingsval var det mange politiske parti som lova at dei ville gå inn for ei utgreiing av Romsdalsaksen.

Dagens akse: Skal kryssinga av Romsdalsfjorden skje via Romsdalsaksen, Møreaksen eller med ferje, som i dag? Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Alt vi ber om er eit ærleg og fagleg solid samanlikningsgrunnlag.

Lars Valderhaug
Meninger

For å få styring med dette snudde Statens vegvesen Midt (SVVM) 180˚ og kuppa utgreiinga, trass gode faglege grunnar for at andre enn dei burde føreta denne.

Frykta var at dei ville ha Møreaksen-brillene på i dette arbeidet. Derfor var det mange som ynskte at Nye Veier AS burde få dette oppdraget. Det viste seg at frykta var vel grunna.


Prioriterer vedlikehold foran nye vegprosjekt

Flertallet i samferdselsutvalget i fylkeskommunen setter mer penger til fylkesvegene som krav nummer én i neste runde av Nasjonal transportplan (NTP).


I sine konklusjonar juksar SVVM grovt med berekna kostnader for Møreaksen og alternativet som tok utgangspunkt i Romsdalsaksen sine løysingar. Dette har eg omtalt i Tidens Krav, Romsdals Budstikke, Vestnesavisa, og sist i Sunnmørsposten den 28.03.20. SVVM har ikkje svart på dei alvorlege skuldingane eg rettar mot dei, som byggjer på deira eige talmateriale. Det forstår eg godt.

SVVM sine eigne tal viser at det er eit stort potensial for at Romsdalsaksen kan bli vesentleg rimelegare enn Møreaksen, og i praksis det einaste realistiske alternativet for fergefri kryssing av Moldefjorden/Romsdalsfjorden.

Spørsmålet blir då om fylket vårt skal seigpinast med eit alternativ som neppe blir bygd, eller om vi skal sjå oss om etter eit meir realistisk alternativ, som i tillegg har ei mengd med føremoner framfor Møreaksen, jf. mitt lesarinnlegg i Romsdals Budstikke den 29.02.20.


For å gjere det de lovde før valet må fylket ta styringa med denne viktige saka på den måten at de er med og sikrar eit solid samanlikningsgrunnlag som vi kan stole på, og ikkje berre blindt må stole på juksetala og jukseargumenta frå SVVM.

De har sikkert merka dykk engasjementet rundt denne saka i media, men ta også ein titt på det som føregår på Facebook-sidene til Romsdalsaksen og Møre utan Møreaksen. Vi er mange som fylgjer dykk med argusauge.

Alt vi ber om er eit ærleg og fagleg solid samanlikningsgrunnlag. Vi ber ikkje om at de vrakar Møreaksen. Det burde ikkje vere for mykje forlangt. Slik situasjonen er, vil ei slik utgreiing frå t.d. Nye Veier AS neppe øydeleggje for Møreaksen tidsmessig dersom den framleis blir det valde alternativet.



Dersom det skal bli grunnlag for eit betre samarbeid og samhald mellom dei tre fogderia i dette flotte fylket vårt, er det avgjerande at fylkespolitikarane gjer eit ærleg og grundig arbeid på tvers av partigrensene utan fogderibriller. Dette gjeld mange aktuelle og framtidige saker. Då må det skapast eit større grunnlag for tillit enn tilfellet er i dag.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!