Ho peikar på at utredning og rapport rundt skulestrukturen har gitt klart resultat og godt grunnlag for konklusjon, og at eit vedtak om samanslåing vil redde budsjettet til Valderøy ungdomsskule til hausten. Anten så har FAU-leiaren ikkje lese rapporten eller så har ho ikkje forstått den. Det er ein utopi å tru at ei samanslåing av skular frå hausten av vil gi innsparing og auka oppvekstbudsjett.

FAU-leiaren trekk fram lærartettleik mellom skulane, og at kommunen er på god vei til å legge opp til eit A- og B-samfunn. Det er vanskeleg å få eit rettmessig bilete av ressursfordelinga pr. skule så lenge vi har spesialundervisning. Ressursbruk pr. skule har ei rekkevidd langt utover lærarnorm, og ser ein på ressursfordelinga i kommunen er det ikkje Valderøy som er B-samfunn.

Tala som er trekt fram er 2019/20-tal henta frå SSB; 1 lærer per 17 elevar på Valderøy, og 1 lærer per 10 elevar på Godøya. Dette er nøkkeltal for «lærartettleik 8. – 10-trinn» og inkluderer spesialundervisning. Tal for «lærartettleik i ordinær undervisning» viser 1 lærar per 15,4 elevar på Godøya (8. – 10. trinn) og 1 lærar per 20,9 på Valderøy ungdomsskule.

Ifølgje sakspapira til kommunestyremøtet 07.05 vil fleire av skulane i Giske vere under lærarnorm til hausten, inkludert Godøy («Drift i balanse – status april 2020»). Kommunestyret har vedtatt at det skal utarbeidast ny plan for organisering av oppvekstområdet.

Dette gjeld heile oppvekstområdet, her under struktur, leiing og organisering. Som ein del av budsjettarbeidet vedtok kommunestyret at planen skulle resultere i ei innsparing på 1,5 MNOK i 2020. På grunn av tidspress vart det vidare bestemt (merk: ikkje vedtatt) at ein delplan om einingsstruktur for skule og barnehage skulle handsamast først (kommunestyremøte 26.03.20), for deretter delplan om leiing og organisering av oppvekstsektoren (kommunestyremøte 06.05.2020).

Som følgje av Korona-situasjonen vart ikkje delplan om einingsstruktur handsama no i mars. Situasjonen gjer at ei eventuell omorganisering ikkje kan gjennomførast før skuleåret 2021/22. Det er mykje ved budsjettprosessen i Giske som ikkje har vore god forvaltningsskikk. Til no har dei enkelte skulane forsøkt å skjerme barna og ta kutta så langt vekk frå barna som mogleg. I vidare arbeid, uansett utfall, må barns beste-prinsippet stå som ein føresetnad. Det er ein veg å gå til ei open og faktabasert forvaltning, og i denne saka er tilliten er hos mange tynnsliten.

Endringsprosessar krev tid. Skal ein slå saman skular må formålet vere å lage ein betre skule for elevar og lærarar, ikkje innsparing som eigentleg handlar om fleire elevar på færre lærarar.

FAU ved Godøy skule meiner at ny plan for oppvekstområdet må handsamast samla. God forvaltning, auka samarbeid og kostnadseffektive løysingar er føresetnader vi meiner er heilt sentrale for eit berekraftig oppvekstområde. I dag har vi ikkje gode nok strukturar for samarbeid.

Skulane har digitale løysingar som kan nyttast. Kva er beste måten å bruke ressursane på? Kan ein bruke andre arenaer for læring? Kan vi løyse utfordringane som ligg i spesialundervisning på ein smartare måte?

Den viktigaste ressursen som skulane har er kompetansen. Den må forvaltast slik at den blir brukt til det beste for elevane. Det er store verdiar som står i fare for å gå tapt dersom prosessane forsvinn.

Eventuelle samanslåingar må gjennomførast som planlagde prosessar over tid, og som sikrar det beste frå alle skular. Felles kultur, verdisyn og elevsyn må byggast gradvis. Slike endringar skal komme på bakgrunn av «ein betre skule for elevar og lærarar», og ikkje på grunn av innsparing.

Alle elevar og lærarar i Giske er skadelidande slik som budsjettramma er, og no er også kulturskulen kasta inn i debatten. Kvifor har vi som kommune hamna i denne situasjonen? Kva garanti har vi for betre økonomisk styring i framtida?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meiningsstoffet på smp.no!