Vindkrafta forureinar lite, er fornybar, og servicen er billegare og lettare tilgjengeleg.

Olje dryp/renn ut i havet rundt plattformene heile tida og drep fisk og planter i havet. Mange oljearbeidarar har late livet i ulykker, (jf.t.d. Alexander Kielland-ulukka) oljearbeidarar må vere borte frå familie og nærmiljø i lange periodar og arbeide intens. Likevel vil vi ha det.

Vindkraft har og ulemper, vasskraft kanskje mindre. Men vi vil ha lys og varme i heimane heile tida, gatelys og lysande reklame i byane heile tida. Det har ein pris, og noko må vi gi avkall på for bekvemmlegheit.

Sosialistiske Albania hadde ikkje lysande reklameskilt, og gatelysa vart slått av i gatene om natta i 1970-åra. Viss det same skjedde i norske byar, ville det blitt proteststorm. Folk vil ha det meste, helst ikkje gi avkall på noko, til fordel for andre.

Og vi skal etter kvart elektrifisere både bilar og båtar. Datoen for når elenergien frå Haramsfjellet skal inn på el- nettet, er alt fastsett.

Eg støttar likevel kampen om Haramsfjellet, fordi dei store vindmølle-vingane er planlagt for nært busetnad – og fordi folk der ikkje vil ha dette prosjektet. Dei får heller ikkje økonomisk kompensasjon for ulemper, har eg skjønt. Det ville nok gå seg til.

Protestrørslene kan bli underhaldande arrangement som blir eit mål i seg sjølv, utan breidde og samfunnsansvar i perspektivet.

Eg vil oppfordre folk til å støtte andre vindkraft-prosjekt, med færre ulemper.