Gravkapellet: Eit bilete frå gravkapellet «bak fjellet» i 2014, då Fortidminneforeininga hadde ein aksjon der ein sette ljos i vindauga i hus som trong omtanke og vern. Tanken er ikkje mindre aktuell i dag.  Foto: Aud Farstad

Kronikk

«Kapellet bak fjellet»

Olav Wangensteen hadde eit positivt innspel i Sunnmørsposten 24. juni om kapellet ved gravplassen «bak fjellet» i Ålesund sentrum.

Både dette kapellet og gravkapellet på Nedre gravlund er eksempel på kor dårleg Ålesund steller med sine kulturminne. At byen framleis ikkje har ein kulturminneplan og heller ikkje ein ny og forpliktande verneplan for bysentrum, noko byen har mangla i tre tiår, er heilt … eg har ikkje ord!

Som Wangensteen peikar på, er kapellet eit særs verdfullt kulturminne. I samband med at fylket ynskte framlegg til kva for kulturminne som burde vere med på kulturminneplanen i fylket, sende eg i august 2013 nokre framlegg til fylkeskonservator. Då skreiv eg dette om gravkapella:

«Et annet viktig anlegg som ikke er med i lista fra fylkeskonservator, er gravstedet «bak fjellet». Det er det eldste gravstedet i Ålesund og stammer fra midt på 1800-tallet.


Ålesund:

Vil ruste opp kapellet bak byfjellet

Kapellet er ei lita perle og kan bli et fint sted for meditasjon og stille stunder. Både for turister og fastboende.


Sjøl om Ålesund kommune gjennomførte en brutal «modernisering» av gravstedet for ca. 20 år siden, der en blant annet rev ned flotte smijernsgjerder rundt enkelte av gravene, så er fremdeles gravstedet et særpreget sted med sin steinmur og sine gamle graver.

Det er også hevdet at det skal være brukt ballastjord fra skip til å lage gravstedet fordi det ikke var djup nok jord noen steder i Ålesund sentrum til å få laget et gravsted. Som arkeologen Øystein Ekroll har påpeikt i boka om sunnmørskirkene, foregikk begravelser i gammel tid ikke i kirkene, men på kirkegården. Som et første skritt til å ha dem innomhus kom gravkapellene.

Det er to slike gravkapell i Ålesund som bør vernes, muligens også – særlig det eldste – fredes. Gravkapellet i mur «bak fjellet» i tilknytning til det gamle gravstedet, er fra 1879. Det andre, på Nedre gravlund på Nørve, er bygd i solid tømmer og stod ferdig tidlig på 1900-tallet. Begge gravkapellene er fine, solide byggverk, men begge preget av dårlig vedlikehold og forfall.» (e-post til Fylkeskonservator 21.8.2013)

Ingenting har skjedd. Det er på høg tid at Ålesund kommune sjølv tek ansvar for desse flotte bygga og søkjer pengar frå til dømes Kulturminnefondet til restaurering. Berre det at gravkapellet «bak fjellet» truleg er det eldste på Sunnmøre og mykje truleg også i Møre og Romsdal, burde vere eit vektig argument. Wangensteen, som sit i Ålesund kirkelige fellesråd, kjem med gode idear til kva kapellet «bak fjellet» kan nyttast til. Andre gode idear kjem heilt sikkert.

Det er elles ei perle av ei opplysning Wangensteen kjem med når det gjeld Joachim Rønnebergs minne om bestefaren si gravferd til denne kyrkjegarden. Då var vegen strødd med einer. Dette var gammal skikk ved gravferder.


Leserinnlegg:

«Bring kirkebenkene tilbake til Ålesund kirke»

Jeg ser i Sunnmørspostens reportasje at det er tatt initiativ til å utnytte steinkapellet på Nordre kirkegård (bak fjellet) på en bedre måte enn til lager.


I den viktige boka til Kjell Skorgevik, «Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid», er det eit fantastisk foto frå 1929 der ein ser slik einestråing utanfor eit hus i Kipervikgata 32.

Poenget var ikkje at det nettopp skulle vere einer, men at det skulle vere eviggrønt. Det var symbol på at døden ikkje var slutten, men at ein hadde eit evig liv. «Fra mange kanter hører vi at folk som bodde langs ruten satte granbusker ved grinda og strødde med grønt på vegen for å ære den døde», skriv folkeminneforskaren Ørnulf Hodne.

Dei hadde stil, dei gamle. Kanskje vi burde ære dei ved i det minste å halde ved like husa dei bygde for å gje sine døde ei verdig avslutning på livet?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!