Planten var imidlartid umogleg å få tak her i ålesundsområdet, og det skulle vise seg at det var til det beste. Planten spreier seg nemleg svært og er i dag ein av dei ti svartelista plantane i Noreg.

Slirekne kom til Storbritannia frå Asia tidleg på 1800-talet og vart raskt ein svært populær må-ha-plante for dei som hadde råd og plass til han på eigedomen sin. I dag bruker dei årleg mellom ein og ein halv og to milliardar kroner årleg (ifølgje Mark Griffiths, Country Life 19. sep. 2018 167 millionar pund) for å få bukt med han.

Der tilrår dei at ein bruker spesialfirma til å ta seg av fjerninga. Planten blir sett på som så uregjerleg at det er ulovleg å selje ein eigedom utan å opplyse at der finst slirekne på han, og det er ulovleg å la han spreie seg til omliggande eigedomar. Ja, allereie i 1981 vedtok parlamentet ei lov som forbyr spreiing til naturområde.

Fullt utsprungen slirekne. Foto: Eli Sonja Kolset Vasset

Ifølgje ein jordeigar i Langevåg vart slirekne spreidd til ei skråning opparbeidd på eigedomen hans i høve legging av fortau langs vegen for mange år sidan; fotoa er derifrå. Slireknen breier seg og vil etter kvart gjere skråninga vanskeleg å forsere. Når planten har visna om hausten, står dei tjukke og stive stenglane att, og om våren legg dei seg ned og blir etter kvart eit tjukt teppe som nye skot veks gjennom.

Er det så mogleg å fjerne denne uønskte planten i det heile? Svaret er ja, men det krevst ein ihuga innsats.

Om ein er miljøvenleg, går ein mekanisk til verks; dvs. at ein systematisk grev planten opp. Men liksom skvallerkål vil slireknen overleve om der er den minste rotrest att i jorda, så ein kan rekne med å arbeide med fjerninga over fleire sesongar.

Alternativet er å sprøyte med Roundup, som inneheld glyfosat, ein ingrediens som framleis er i lovleg bruk i Noreg. Den mest ideelle tida å sprøyte er no i august, men ettersom planten no står i full flor, vil det gå med store mengder sprøytemiddel. Sjølv ville eg nok ha grave opp planten i haust, levert han på den felleskommunale gjenvinningsstasjonen Bingsa og eventuelt sprøyta nyskota fleire gonger til våren i tillegg til å grave vekk mest mogleg då òg. Best resultat med sprøyting får ein uansett når jorda er tørr og ein sprøyter både på over- og undersida av blada og på stilken.

Det er å merke at tildekking med plast berre fører til at planten dukkar opp utanfor plastdekket, for røtene kan strekke seg minst ti meter under plasten.

Ingen del av planten skal leggast i kompostbingen eller tippast i det fri, men leverast på ein kommunal gjenvinningsstasjon.

Som nemnt, er slirekne svartelista i Noreg til liks med ni andre plantar som spreier seg uhemma med utløparar og frø. Dei fleste er uønskte fordi dei fortrenger endemiske plantar ute i naturen, men nokre av dei fordi dei vidarefører sjukdom. Det siste er grunnen til at ein på heile Vestlandet nord til grensa til Sunnmøre har brukt fylkeskommunale midlar til å fjerne to typar mispel frå privathagane for å hindre spreiing av sjukdom til epletre med etterfølgande rasering av epleprodusentane sitt levebrød. Men det siste er ei anna historie.

Svartelista plantar har imidlartid det til felles at dei er ulovlege i sal, ulovlege som gåver og ulovlege å plante eller flytte i eigen hagen om ein allereie har dei. Ein kan merke seg at slirekne i Noreg spreier seg med utløparar og neppe med frø ettersom dei ikkje blir modne og vi truleg framleis berre har eksemplar av planten sitt eine kjønn i Noreg

Når det gjeld den vakre slireknestauden, reknar vi oss som heldige som aldri fekk tak i han på 1980-talet. Om du sjølv er så uheldig å ha denne planten i nærområdet ditt, er rådet at du gjer det du kan for å fjerne og dermed stanse han – for din eigen, naboane og naturen sin del.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!