I Smp 10/9 -20 kan vi lese at dei har bestemt at dei også vil ha eit anlegg for produksjon av biogass frå slammet. Dette skal innebere to rotnetankar på 1000 kubikkmeter (m³), pluss ein tank for oppsamling av gassen.

To rotnetankar på 1000 m³. Og så står det: «Det betyr at dei skal vere sju meter i diameter og ha ei høgde på om lag ti meter». Men ein sylindrisk tank med 7 meter diameter og høgde 10 meter er ikkje meir enn 384 m³ i volum, så vi snakkar om heilt andre dimensjonar enn dette.

Biogassen er i hovudsak metan. Det er ein gass som kan eksplodere, og av og til skjer det. Av den grunn er det forbode å bygge ein metantank innandørs. Men sjølv med ein utandørs metantank vert det å plassere eit slikt anlegg i eit bustadområde stempla som meir eller mindre galskap.

Ein av fordelane som vert nemnt er at det vil bli mindre lukt. På eit informasjonsmøte 5. mars 2018 sto ein luktekspert frå firmaet PurEnviro fram og fortalde at det ikkje kjem til å bli noko problem med lukt frå eit kloakkanlegg på Kvasneset, så folket der kan ta det heilt med ro. No får vi vite at eit biogassanlegg vil føre til mindre lukt (ved utkøyring av slam). Og dagen før kunne Smp fortelje at kreftavdelinga på sjukehuset har klaga i årevis på lukt frå reinseanlegget på Åse. Kva skal vi tru?

Heilt til slutt skriv Smp at: «Når det gjeld kloakkreinseanlegget på Kvasneset, som det har vore ein del lokal motstand mot (…)». Ja, tenk, «ein del lokal motstand». På Haramsøya er det en del «lokal motstand» mot utbygging av vindkraft. Eit overgrep mot folket på Haramsøya. Eit ikkje mindre alvorleg overgrep mot folket på Kvasneset.

Alle, også folket på Indre Sula, er einige i at vi må få eit skikkeleg reinseanlegg. Det vi ikkje er einige om er først og fremst plasseringa.

No driv dei med straummålingar utanfor Kvasneset. Det dei vil finne ut er om straumen går innover eller utover. Dersom den går utover, då betyr det at den vil ta med seg kloakkvatnet ut mot havet. Hittil har desse målingane kosta millionbeløp. Men å pumpe kloakk frå havgapet gjennom pumper og rør heilt inn til Kvasneset, og så håpe på at straumen tar det med seg til havs, verkar ulogisk, når anlegget kan byggast slik at avlaupet kan sendast direkte ut mot havet.

Sula har «mala seg inn i eit hjørne» der det ikkje er andre plasseringar enn Kvasneset som er aktuelle. Det burde ikkje vere slik. Allereie i april 2017 foreslo vi ei alternativ plassering, der kloakken frå Indre Sula og frå Ålesund vert pumpa til eit reinseanlegg plassert utanfor Æhammaren vest for Sandvika. Dette vil gje mykje kortare pumpeveg for hovudmengda kloakk. Der er ubebygd område, fritt for naboar, og der skulle det også vere akseptabelt med biogassanlegg. Avlaupsvatnet, som ifølge ordføraren er «tilnærma reint vatn» kan pumpast utover, kanskje med ei «mellomlanding i ein ekstra pumpestasjon på Heissa. (Sjå figuren).

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!