Jan Inge Sørbø har i ein tankevekkande kronikk i Sunnmørsposten 17.12. gjort merksam på ei viktig side ved UDI sin praksis i utlendingssaker. Han baserer argumentasjonen sin på eit utvisingsvedtak som gjeld ei eritreisk kvinne, busett i Volda. Etter vedtak i UDI var ho utvist frå Norge og skulle etter det forlate landet innan 21. 12. 2020.

Slik Sørbø framstiller det, er det ei rekke «formildande» omsyn UDI kan ta i saker som dette. Slike omsyn vil kunne gje opphaldsløyve. Men UDI avviser at slike omsyn kan telle i denne saka. Grunngjevinga er kort og kontant: Passet til kvinna, som identiteten hennar er knytt til, er «sannsynligvis forfalsket».

At den eritreiske ambassaden i Stockholm stadfester at passet er ekte og at dei kjenner kvinna sin identitet, spelar i den samanhengen inga rolle.

I mine auge er argumentet knytt til «sannsynligvis forfalsket» påfallande – dessverre også avgjerande. Da er det på sin plass å sjå om denne type argument er blitt brukt i andre samanhengar.

UDI sitt resonnement må vere dette: Sidan passet sannsynlegvis er forfalska, må det faktisk vere forfalska. Med andre ord, «sannsynlegvis» og «faktisk» har same meining.

I mellomalderen freista mange bevise at Gud eksisterer. Eitt av bevisa vart kalla «ab posse ad esse»: «Da noe er mogleg, er det (må det vere) reelt». - Som prov på Guds eksistens lydde det slik: «Av di det er mogleg at Gud eksisterer, følgjer det at Gud faktisk eksisterer». Provet hadde ikkje lang levetid. Til dét var teologane i mellomalderen altfor opplyste.

I UDI, derimot, ser det ut til at slike resonnement har gode kår.

Hadde ein i ein norsk rettssal argumentert på følgjande vis: «Vi har opplysningar frå fleire vitne som viser at den skulda ikkje har gjort den vi vil ha han dømd for. Dette tar vi ikkje omsyn til, for vi meiner han sannsynlegvis har gjort det vi skuldar han for. Difor må han òg ha gjort det»

Hadde dette ført til domfelling, ville ein med rette ha betrakta det som ein juridisk skandale.

Ein rettsstat tillet ikkje slikt. Fins ikkje direkte fellande prov, må dom grunngjevas ved tilvising til ein samanhengande vev av indisium som totalt sett overtyder om skuld. I dette tilfellet ligg openberrt ikkje slikt til grunn for vedtaket.

Folk flest innser at å tru at det regnar, ikkje er det same som å vite at det regnar. Trump har ikkje forstått distinksjonen. Er det same faktisk tilfelle når det gjeld UDI?

Atle MåseideHareid

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no