I samband med forslaget om nedlegging av sjukeheimsplassar i Ålesund seier ein at alle skal få eit fagleg forsvarleg tilbod i heimen. For mange er det ynskjeleg å bu heime lengst mogleg. Både velferdsteknologi og auka innsats av heimeteneste kan då utsetje behovet for sjukeheimsplass slik det er foreslått.

Det vert sagt at nedlegginga av sjukeheimsplassar skal skje gjennom god kommuniksajon med pårørande. Men ein kan spørje seg om kommunen veit kor skrøpelege mange av dei som bur heime er? Adferdsvanskar og orienteringsvanskar er ofte det som gjer at personar med demens treng sjukeheimsplass. Det er det som er vanskelegast å handtere både for heimeteneste og pårørande. Mange pårørande vert utsette for aggresjon og vald. Mange vert haldne vakne på nettene. Desse problemstillingane kan ikkje løysast med velferdsteknologi og hyppige besøk av heimetenesta.

Eg ynskjer å gje nokre eksempel på kva som er realiteten når det gjeld heimebuande eldre slik det er no før nedlegging av sjukeheimsplassane. Eksempela under er frå innleggingar i kommunal institusjon seinare tida.

Pasient 90+. Langtkomen demens. Ektefelle måtte låse vedkomande inne på eit rom og ringe 113 grunna aggresjon.

Pasient 90+. Ektefellen måtte leggast inn på sjukehus. Ambulansen kunne ikkje la vedkomanade vere igjen i bustaden grunna demens. Brannfarleg heime. Varma opp huset med å setje på alle kokeplater. Vart difor innlagt kommunal institusjon.

Pasient 90+. Innlagt grunna forvirring og uhaldbar heimesituasjon. Dagen etter vart også ektefellen 90+ innlagt sjukehus.

Pasient 80+. Innlagt med dårleg allmenntilstand. Heimetenesta vert av pasienten nekta å kome inn for hjelpe med måltid. Vedkomande klarer ikkje å lage seg mat sjølv og er difor underernært og dehydrert.

Pasient 70+. Det har vore utstrakt bruk av vold frå pasienten med demens mot ektefelle.

Pasient 90+. Langtkomen demens. Politiet måtte tilkallast grunna utagering. Planlagt utskriven til ektefelle i same aldersgruppe.

Pasient 70+. Heimetenesta skriv: Varierande grad av samarbeid. Dei får ikkje alltid hjelpe med stell og må la pasienten ligge i urin og avføring.

Pasient 80+. Funnen desorientert og tynnkledd ute. Innlagt då personen ikkje kunne ta vare på seg sjølv.

Kommunen har plikt å sørge for forsvarleg helsehjelp. Dette var pasientar utan sjukeheimsplass og det er mange som dei rundt om i heimane og det vil verte fleire med auken av eldre i åra som kjem. Det er viktig å styrke heimetenesta, men dei kjem ofte ikkje i posisjon til å hjelpe personar med demens då mange nektar å ta imot hjelp. Det er ikkje lov å gje helsehjelp med tvang i heimen, same kor stort behovet er. Etter forrige kronikk av Maria Hellevik har vi fått mange attendemeldingar frå personar som arbeider i systemet, både på sjukehuset, i institusjonar, fastlegar og i heimebarert omsorg. Alle er samde i at tala ikkje går i hop. Vi klarer ikkje å legge ned så mange plassar.

Tidsskriftet for den norske legeforening har i mars i år skrøpeligheit hjå eldre som hovedtema. Skrøpeligheit er eit omgrep som seier noko om i kor stor grad ein er avhengig av hjelp til daglege aktivitetar, stell og pleie grunna fysiske eller kognitive utfordringar. I dette nummeret finn vi ein artikkel om skrøpeligheit blant eldre pasientar som mottek heimesjukepleie i Sandefjord kommune. Denne er aktuell for oss i Ålesund i samband med den foreslåtte nedlegginga av sjukeheimsplassar.

Sandefjord har samanlikna med andre kommunar ein høgare andel heimebuande eldre med heimeteneste og færre på institusjon. I undersøkinga blei 210 pasientar med vekentleg heimeteneste fylgd i 2 år. Grad av skrøpelegheit vart beregna ved hjelp av skrøpelegheitsindeks og forekomst av dødsfall og akutte sjukehusinnleggingar blei registrert. 160 pasientar vart vurdert som moderat eller alvorleg skrøpelege ved oppstart. I løpet av dei to åra vart det registrert 307 akuttinnleggingar på sjukehus med til saman 1235 liggedøgn. 63 (30%) av deltakarane døydde i løpet av 2 år. Antall sjukehusinnleggingar og dødelegheit var høgast hjå dei med alvoreg skrøpelegheit.

Konklusjonen i artikkelen er at eldre pasientar som mottar heimesjukepleie har høg grad av skrøpelegheit og at grad av skrøpelegheit er assosiert med auka risiko for død og sjukehusinnleggingar.

Fastlegeordninga er i ferd med å knekke saman i store delar av landet. Det gjeld også i Ålesund. Med fleire heimebuande alvorleg skrøpelege pasientar vil meir arbeid flyttast over på fastlegane. Problemet er at mange av desse pasientane er så skrøpelege at dei får dårlegare kontakt med fastlegen. Dei klarer ofte ikkje å reise til fastlegen. Slik fastlegeordninga er dimensjonert no vil ikkje fastlegane ha kapasitet til å utføre så mange heimebesøk som dette vil krevje.

Vi veit at den planlagde nedlegginga av sjukeheimsplassar i Ålesund kommune vil føre til auka antall innleggingar på sjukehus fordi fleire med alvoreig skrøpelegheit må bu heime. Samhandlingsreforma vart iverksett i 2012 og skulle sørge for eit meir heilheitleg helsevesen der pasientane fekk behandling på rett nivå. Meir av ansvaret for behandling og oppfylgjing av dei skrøpelege eldre vart då overført til kommunane. Samtidig vart det innført ei avgift for kommunane om dei ikkje kunne ta imot pasientar frå sjukehusa. Det kostar kommunen 5167 kr per liggedøgn per pasient som er definert som utskrivingsklar. Om kommunen med den foreslåtte nedlegginga ikkje maktar å ta i mot desse pasientane vil auka mengde utskrivingsklare pasientar verte ein stor utgiftspost. I ein artikkel i Sunnmørsposten 24. mars i år står det at kommunen fekk kritikk for lav bemanning etter at ein pasient vart skadd under opphald på ein institusjon i kommunen. Statsforvaltaren seier at kommunen i framtida må vere betre rusta til å ta imot krevjande pasientar. På tidspunktet for hendinga var det 22 utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset som kommunane skulle ta seg av. Mange tilhøyrde nok det som no er nye Ålesund kommune.

Utskrivingsklare pasientar på bot gjer at det nesten vert umogleg å få avlastingsopphald for dei som treng det. Då vert det akuttinnleggingar grunna uhaldbar heimesituasjon på ØHD eller sjukehus og nye bøter.

Vi vonar kommunen har kalkulert med alle dei auka kostnadane nedlegging av sjukeheimsplassar vil føre til.

Vi vil ikkje ta på oss det faglege ansvaret for å skrive ut pasientar til heimen når vi meiner det er uforsvarleg.

Maria Hellevik – spesialist i allmennmedisin, sjukheimslege og ØHD-lege

Camilla Brandal – spesialist i allmennmedisin og sjukeheimslege

Trond Stavseng – spesialist i allmennmedsin og sjukeheimslege

Tom Willy Chrisiansen – spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedsin

Terje Enersen – spesialis i allmennmedisin, fastlege og sjukeheimslege

Peder Melteig – sjukeheimslege, ØHD-lege og daglegevaktslege

Kjetil Selliseth Lereng - sjukeheimslege, ØHD-lege og daglegevaktslege

Maria Fjose - sjukeheimslege, ØHD-lege og daglegevaktslege

Sara Årvik - sjukeheimslege, ØHD-lege og daglegevaktslege

Oda Modalsli – sjukeheimslege og ØHD-lege

Sven Nordstrand - sjukeheimslege, ØHD-lege og daglegevaktslege

Stein Ove Midtbø – sjukeheimslege og legevaktslege

Kristoffer Sandnes – fastlege og sjukeheimslege

Sven Walter – spesialist i allmennmedisin, fastlege og sjukeheimslege

Knut-Egil Eik – spesialist i allmennmedisin, fastlege, sjukeheimslege og varatillitsvald

Lene Sloth-Fjordside – spesialist i allmennmedisin, fastlege og tillitsvald

Jannecke Alnes Rodian – sjukeheimslege

Maria Kristine Koppen - sjukeheimslege