Bordtennisspelaren frå Volda reiste fredag til Cluj i Romania for å delta i junior-EM. Det gjer ho mest for læringens skuld.

– Eg har ganske lave forventningar, men eg tenkjer på å ha det gøy og gjere mitt beste, seier Sjøholt, og legg til:

– Det er ganske høgt nivå i Europa. Eg har møtt mange av spelarane før, og det har vore stor nivåforskjell. Eg har likevel sett meg mål om kvar mange poeng og sett eg kan vinne. Eg er med for å lære meir til seinare, og eg får oppleve masse, seier Sjøholt.

Tidlegare i år gjekk Sjøholt til topps i NM i double. Ho følar sesongen, som snart er over, for hennar del, har vore god.

– Eg synest eigentleg at den har vore bra. Vi har vore på mange utanlandsturar med ok resultat og fått trent masse, seier Sjøholt.

Etter EM tek Sjøholt nemleg ferie og kjem kommande sesong til å spele mindre bordtennis internasjonalt.

– Eg er framleis litt usikker, men eg trur eg kjem til å ta det roleg. Eg har reist masse dei siste årene og tenker å roe det ned, forklarar Sjøholt.