– Det betyr mykje. Og vi var så nærme. Hadde vi tapt 0-10, hadde det vore noko anna, men no var vi så nære, seier kaptein Malin Sofie Fjørtoft.

Det vart nemleg ein jamn kamp i 16.-delsfinalen i A-sluttspelet mot Gaular 2. Motstandaren tok tidleg leiinga, og den beheldt de kampen ut.

Gaular 2 var stort sett også det beste laget, og berre ein god keeper hindra eit endå større tap.

– Det blir litt tårer, men dei var nok hakket kvassare. Det betyr mykje for jentene, dei går hardt inn for sporten, seier trenar Hallgeir Remme.

Sjølv om tårene sat laust etter kampen, tar dei 13 jentene frå Haramsøy og Nordøy med seg mykje positivt heim til Sunnmøre.

– Vi hadde ikkje trudd at vi skulle ta oss til A-sluttspelet, så det var heilt sjukt, eigentleg. Dette er eit minne for livet og gjer meirsmak, avsluttar Fjørtoft.