110 meter og rett i kurven

Knut Håland frå Sula slo til med «hole in one» i VM-debuten.

Knut Håland slo til med en "ace" på første dag av diskgolf-VM i USA. Video: Jostein Håland

sportsdognet

Etter første dag i diskgolf-VM er Knut Håland på 58.-plass. Høgdepunktet i den første runden var på hol ni. Der slo han til med ein «ace», rett i kurven. Kompisen Aleksander Svendsen oppgir avstanden til 110 meter.

58.-plass etter første dag er 40 plasseringar over ratingen som han starta med.

– Han starta turneringen litt dårlegare enn forventa, med boogey på fire av dei sju første hola. Etter å ha kasta ace, sette han i gang ei rekke med gode hol, og gjekk seks kast under par fram til hol 14, fortel Svendsen til Sunnmørsposten.

Håland var einaste VM-deltakar med ace i den første runden.

Turneringa går i den amerikanske delstaten Illinois. Andre runde av VM startar 17.30 onsdag. Medan 1. runde blei spelt ved Lake Eureka, går 2. runde i Northwood Gold. Du kan følge runden her (ekstern lenke).


19-åring fra Sula debuterer i VM

Knut Håland spiller denne uken VM i diskgolf.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
sportsdognet