Ålesund:

Første korcup på Sunnmøre

Korsongarar frå bygd og by kjem laurdag til Ålesund for å konkurrere.

Klart for korsong: – Korcupen blir ei musikalsk oppleving publikum ikkje må gå glipp av, meiner arrangørane som gler seg til 430 songarar skal fylle Scandic Parken Hotell med song. Frå venstre Lindis Utgård, Helge Vikan, Camilla Kvalsvik Aksnes, Dagfinn Gundersen og Erik Valderhaug frå Lydkjelleren. Foto: Solfrid Vartdal 

Ålesund

I alt femten kor med til saman 430 songarar skal delta i den første korcupen som blir arrangert på Sunnmøre.