Aspøy skole er nominert til Dronning Sonjas skolepris

Aspøy skole i Ålesund er vårt fylke sin kandidat til å vinne prisen og få besøk av dronninga.

Aspøy skole har om lag 170 elevar.  Foto: Aspøy skole

Ålesund

Fylkesmenn i heile landet skal kvart år nominere ein skole i fylket sitt til Dronning Sonjas skolepris. Skolen må vise til langsiktig arbeid med likeverd og inkludering i skolekvardagen.

  Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff

Heldig vinnar vil få besøk av Dronning Sonja 28. november. Hennes Majestet vil personleg overrekke diplom, pengegåve, som i år er på kr. 250.000, og eit kunstverk.

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal i Ålesund kommune seier i ei pressemelding at Aspøy skole er ein veldig verdig kandidat.