Dette er ofte i soner med tett busetnad, og der mjuke trafikantar ferdast, påpeiker Møre og Romsdal politidistrikt på sin Facebook-side.

– Onsdag hadde vi laserkontroll i ei 30-sone i Volsdalsbakken. På under ein time vart det skreve ut 10 forenkla forelegg. Høgste fart var 50 km/t. I tillegg passerte det fleire som vi ikkje hadde kapasitet til å stanse, heiter det i meldinga.

No opplyser politidistriktet at trafikantane kan vente seg fleire slike målretta kontrollar.

Korleis er trafikken der du bor? Bruk kommentarfeltet