Vil redusere talet på stemmekretsar i nye Ålesund

Valstyret foreslår å redusere talet på stemmekretsar ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 frå 24 til 14.

Valgstyret sitt forslag til nye stemmekretsar.  Foto: Nye Ålesund

Ålesund

Det vedtok eit samrøystes valstyre i sitt møte 22. oktober. Saka skal opp i fellesnemnda for nye Ålesund, som gjer endeleg vedtak 8. november.

Vallokala er plassert i kvar ungdomsskulekrets i den nye kommunen, i tillegg til i Ålesund sentrum og på øyane Fjørtoft og Lepsøya, der folk ellers vil vere avhengig av ferje for å stemme. Også kommunedelutvala i den nye kommunen er delt inn etter ungdomsskolekretsane.

Disse kan bli medlem i de nye bydelsutvalgene:

Elleve bydelsutvalg i nye Ålesund

Fellesnemnda for nye Ålesund har vedtatt at kommunen skal ha elleve kommunedelsutvalg. Disse følger samme geografiske grenser som ungdomsskolekretsene.


Valet 2019 skal gjennomførast som om grenseendringane på grunn av ny kommune allereie har funne stad. Departementet har oppfordra kommunar om å vedta endringar i stemmekretsar før 1. desember.

Slik kan stemmekretsane bli

For valet 2019 er det foreslått 6 kretsar i Ålesund, 5 kretsar i Haram, 1 i Skodje, 1 i Ørskog og 1 på Sandøy.


Som bakgrunn for reduksjonen, trekk valstyret blant anna fram at kommunen skal nytte elektronisk manntal. Det betyr at veljarane kan stemme der dei vil i den nye kommunen den 9. september. Det kan dei også ved tidligstemming og ved førehandsstemming.

– Det er eit stadig aukande tal veljarar som stemmer på førehand. Statistikken viser at om lag halvparten av oss forhåndsstemmer, og det er grunn til å tru at denne trenden fortset.

– Det blir lagt til rette for førehandstemming på fleire stader. Her vil tid og stader bli klare i god tid før 1. juli, skriv styret.

Vidare viser erfaring, ifølgje styret, at dei fleste nyttar stemmeretten i samband med andre ærend. Mange pendlar dagleg innanfor dei nye kommunegrensene. At ein kan stemme kor ein vil i den nye kommunen, gjer at det i større grad er mogleg å stemme i samband med andre aktivitetar, står det.

Slik var det før

I 2015 var det 9 kretsar i Ålesund, 6 i Haram, 7 i Skodje, 1 i Ørskog og 1 på Sandøy:

I vurderinga av korleis ein skal gjennomføre val i nye Ålesund har prosjektleiar satt ned ei gruppe med medarbeidarar frå alle fem kommunar som har erfaring med val. Dei har kartlagt korleis val er gjennomført og drøfta ulike omsyn.

Må ha transporttilbod

At ein bruker dei vedtekne kommunedelutvala som valkretsar set ein raud tråd i kommunen i å nytte dei same kretsane til ulike føremål, står det i sakspapira. Utfordringa med ddette er at kretsane er ulike i storleik både geografisk og i tal på innbyggarar.

Størst i manntal blir krinsen Spjelkavik, Åse og Lerstad med sine rundt 9300 veljarar. Det er også stilt spørsmål ved om Søvik og Grytastranda med 1151 busette veljarar, likevel bør vere ein krets på grunn av geografi, står det i sakspapira.

– Kollektivtilbodet er ei utfordring fleire stadar i ny kommune og det er fleire av krinsane som er geografisk store. Dette fordrar at det vert satt i verk tiltak for å møte utfordringane.

Viktige tiltak blir derfor å ha eit godt transporttilbod på valdagen og ha tilstrekkeleg mange avlukke i lokala.

– Ved å lage større vallokale oppnår vi meir flyt i valgjennomføringa, men det krev altså meir utstyr i kvart lokale. Ved å ha færre men større vallokale vert det enklare å forvalte og kvalitetssikre valgjennomføringa.

Alle vallokala skal ha universell utforming, gode parkeringsforhold og tilstrekkeleg kapasitet på strømuttak, nett- og mobiltilgang.