Opnar fiskerestaurant

Fisketorget i Ålesund sentrum opnar restaurant i tillegg til fiskeutsalet.

ANDRE ETASJE: Over fiskeutsalet og lunsjkafeen har Fisketorget opna restaurant. Dagleg leiar er Anita Rogne.  Foto: Staale Wattø

Ålesund

– Vi har hatt lunsjkafé i første etasje sidan sommaren 2017, og merka at det vart så fullt at vi ville utvide. Så no håpar vi det går, seier dagleg leiar Anita Rogne. I andre etasje over fiskeutsalet og lunsjkafeen Fisketorget, har Fisketorget Delikatesse AS opna ein ny restaurant med ny meny. Dei opna onsdag kveld, i full sving frå første kveld. Ja, til og med før det.

– Vi hadde ein prøvekveld tysdag, heilt fullt med inviterte gjestar, så no er vi klare, fortel Rogne.