Sunnmørspostens tre prisar offentleggjort fredag

Årets heiderspris går til «Helsesista» Tale Maria Krohn Engvik, kulturprisen til Synnøve Rekkedal Hill og idrettsprisen til Sebastian Foss Solevåg. 

Hedersprisen

Ålesund

Det siste året har Helsesista fått mange prisar, deriblant Åpenhetspris, Tabuprisen og Årets sterke meneing.

Sjølv har ho i intervju sagt at det som har betydd aller mest er tilbakemeldingar frå ungdom som har klart å seie frå om vald, og som har fått hjelp til å bryte ut av ein ond sirkel. Det å hjelpe eitt menneske, kan ha ringverknader i fleire generasjonar. 

– Stadig fleire unge slit med psykiske problem. Vår prisvinnar er både blitt ein viktig hjelpar, og ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Ho har bidratt til å auke kunnskapen om psykisk helse, og kommuniserer med unge på ein måte som blir forstått og verdsett. Ho er truverdig, er engasjert og inkluderande, og er nyskapande ved at ho har vidareutvikla sitt eige yrke, sa Relling Berg blant anna.

Glad vinnar: Sunnmørspostens Hederspris 2018 går til Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik frå Ålesund. Her med Sunnmørspostens redaktør Hanna Relling Berg.  Foto: Staale Wattø

 

Har sitt virke i Ålesund

– Utruleg kjekt! Takk til dei som har nominert meg og til alle lesarane som har stemt meg fram. Å bli sett og anerkjent sett eg stor pris på, spesielt her i heimbyen min.

– Som Helsesista har eg jo kontakt med folk i Ålesund også. Nokre snakkar eg med kvar dag, nokre kvar veke, andre av og til. Eg har ungdommar her i Ålesund som er glad i meg, og eg er glad i dei og.

– Eg har også kollegaer her som eg set stor pris på. Som eg skulle ønskje hadde anledning til å vere til stades på skulane oftare. Det hender eg får snap frå elevar som kjem til stengd dør, og det er ikkje greitt for dei som strevea med å klare å leve, sa Krohn Engvik då ho takka for prisen.

Sunnmørsposten har delt ut dei tre prisane sidan 1995. Den aller første som fekk Hedersprisen var Joachim Rønneberg, dei siste tre åra den gått til «Suppe-Kalle», Karl Johan Skårbrevik, Elizabeth Hoff og i fjor Ragnar og Jenny Hermine Ulstein.

Stor og mangeårig innsats

Årets kulturpris går til Synnøve Rekkedal Hill. Prisen får ho først og fremst for sitt engasjement for Ørsta og Volda Ballettskule. Der sit ho som styreleiar og ulønt rektor for 400 danseelevar, fordelt på 48 danseklasser.

 «Ho er dagleg leiar og primus motor med ansvar for det økonomiske. Ho har arbeidsgjevaransvar, ansvar for å skrive søknadar om støtte, og ikkje minst for å organisere alle klasselister og timeplanar slik at dei passar med ferje- og bussruter i Ørsta og Volda», heiter det blant anna i grunngivinga til juryen, som i år bestod av leiar for Ørsta Kulturhus Janne Skarstein, Lars Berg Giskeødegård frå Momentium, kultur- og reportasjeredaktør Kristin Knudsen og kulturjournalist i Sunnmrøsposten Maria Finnøy Fagervoll.

– Eg blei veldig overraska då eg blei kontakta av Sunnmørsposten midt i den travle innspurten til vinteroppsettinga vår. Eg har aldri tenkt tanken på at eg kunne få ein slik pris, dette er er berre noko eg har gjort på fritida mi. Men er eg er rørt og glad, sa Rekkedal Hill.

Kulturprisen til Ørsta: Sunnmørspostens kulturpris 2018 går til Synnøve Rekkedal Hill, i ei årrekke primus motor for Volda og Ørsta ballettskule.   Foto: Staale Wattø

 

Ei stor bragd

Sunnmørspostens idrettspris 2018 går til Sebastian Foss Solevåg frå Spjelkavik Idrettslag.

«Sebastian er første mannlege utøvar frå Sunnmøre med olympisk medalje. Det er ei bragd som sjølvsagt er meir enn godt nok for å vinne Sunnmørspostens idrettspris. Berre dei beste av dei aller beste når så langt» heiter det blant anna i grunngjevinga frå juryen, kommunalsjef i Haram Bjørn Nedreskodje, lektor ved Ålesund vgs. Ellen Røsvik, nyheitsredaktør Sindre Halkjelsvik og sportsjournalist Jarle Mordal i Sunnmørsposten.

Stolt far: Egil Solevåg tok imot idrettsprisen på vegne av sønnen Sebastian. Prisen blei delt ut av nyhetsredaktør Sindre Halkjelsvik.  Foto: Staale Wattø

 

Køyrer i Nord-Italia laurdag

Saman med lagvenninna Nina Haver Løseth fekk Foss Solevågseide bronse i lagkonkurransen.

Forutan OL-medaljen har han også 9.-plass frå Sotsji-OL og 10.-plass frå slalåmrennet i årets olympiske meisterskap.

Sjølv kunne ikkje prisvinnaren stille under fredagens prisutdeling.

– I går deltok han i verdscupen i alpint i Austerrike, i dag er han på plass i Nord-Italia, der han i morgon kveld skal køyre kveldsrenn. Eg skal helse frå Sebastian, som er svært glad for denne prisen og håpar han kan halde fram med å vere eit forbilde for unge alpinistar, sa far Egil Solevågseide, som tok imot prisen på vegner av sonen.